1899, Norwegian, transl. Stefan Frieh, from the original 'Laxdæla saga'.
Laksdøla
1. Ætti hans Kjetil flatnev.
Kjetil flatnev, son av Bjørn buna, var ein megtug og ættstor herse i Noreg; han budde i Raumsdal i Raumsdølafylke, millom Sunnmøre og Nordmøre. Kjetil flatnev var gift med Yngvild, dotter aat ein framifraa mann som heitte Kjetil ver. Dei hadde 5 born, 2 søner og 3 døtrar. Sønerne var Bjørn den austrøne og Helge bjolan; døtrarne var Torunn hyrna, Unn den djuprike og Jorunn mannvitsbrekka. Torunn hyrna vart gift med Helge den magre, son aat Øyvind austmann og Rafarta, dotter aat Kjarfal irarkonge. Unn den djuprike vart gift med Olav den kvite, son aat Ingjald, son aat Frode den frøkne, som Sveitingssønerne drap. Jorunn mannvitsbrekka vart mor aat Kjetil fivlske, som tok land i Kirkjubø; son hans var Aasbjørn, far aat Torstein, far aat Surt, far aat Sighvat log-sogumann.
2. Kjetil flatnev og Harald haarfagre.
Den tid Kjetil vart gamall, voks rike aat kong Harald haarfagre upp, so ingen fylkeskonge elder annan stormann kunde halda seg i lande, minder han raadde for rangen deira. Daa no Kjetil fekk spurt at kong Harald hadde etla honom same kaar som andre stormenner: aa hava frendarne sine ubøtte og endaatil sjølv verta gjort til leiglending, daa stemnde han frendarne sine til ting og sagde: "De kjenner til kva eg hev havt med kong Harald aa gjera, so eg tarv ikkje gjeta meir paa det; men det gjeld meir um aa linna raad for den vanden me no er komne i. Eg hev spurt for visst, at kong Harald er vaar fiende; fraa honom hev me inkjenoko godt aa venta. So vidt eg ser, hev me berre tvo kaar: aa røma lande elder verta drepne, kvar i sitt rom. Eg er mest huga paa same dauden som frendarne mine; men ikkje vil eg leida dykk i so stor ein faare utan aa spyrja dykk fyrst, for eg kjenner huglynde aat frendom og venom mine, at de vil ikkje skilja dykk fraa oss, um det og skal røyna noko paa aa fylgja meg. Bjørn Kjetilson svara: wEg skal snøgt segja ifraa, kva eg vil. Eg vil gjera som gjæve menner hev gjort fyrr, og røma dette lande. Eg tykkjer ikkje eg veks av di, um eg bider her heime paa trælarne hans kong Harald og læt dei jaga oss fraa eignom vaare elder reint drepa osa." Desse ordi vart mottekne med fagnadrop, og dei tykte det var karsleg tala. Dei vart samstelte um det, at dei skulde fara utor lande; for sønerne hans Kjetil talde mykje til, og ingen mælte imot. Bjørn og Helge vilde fara til Island, for dei hadde spurt mykje gildt derifraa; dei sagde der var godt for jord, som dei kunde faa for inkjenoko, der rak mykje kval inn til lande, der var laksefiskje, og anna fiskje var der heile aare um. Men Kjetil sagde: "Til den fiskjestaden kjem eg aldri paa mine gamle dagar," og kom daa fram med si meining, at han vilde helder fara i Vesthave, der han likte seg godt og var vel kjend lange leider, av di han hadde herja der vidt umkring.
3. Kjetilssønerne og Helge magre fer til Island.
Etter dette heldt Kjetil eit stort gjestebod; daa gifte han Torunn hyrna, dotter si, med Helge den magre, som fyrr sagt. So budde han seg til ferdi si vestyver have. Unn, dotter hans, for med honom, og mange andre av frendom hans. Kjetilssønerne og Helge magre, maagen deira, for same sumaren til Island. Bjørn Kjetilson kom med skipe sitt vest i Breidafjorden; han siglde innetter fjorden nær det søre lande, til dei kom einstad der ein fjord skar seg inn i lande; paa nese innan-for fjorden var eit høgt fjell, og lite fraa land laag der ei øy. Bjørn sagde dei skulde dvelja der ei tid. Han gjekk paa land med nokre menner og reika frammed sjøen; der var ikkje langt millom fjell og fjøra; han tykte der var byggjande. Der fann Bjørn høgsætestolparne sine i ei vik, der dei hadde reke inn; dei tykte daa dei hadde fenge synt seg bustaden. Sidan tok Bjørn aat seg alt lande millom Stavaa og Raunfjorden og bygde den garden som sidan heiter Bjarnarhavn. Han var kalla Bjørn den austrøne. Kona hans var Gjavlaug, dotter aat Kjallak den gamle; sønerne deira var Ottar og Kjallak; son hans Kjallak var Torgrim, far aat Viga-Styr og Vermund, og dotter hans Kjallak heitte Helga, som vart gift med Vestar paa Øyre, son aat Torolv bladra-skalle, som tok Øyre; son deira var Torlaak, far aat Steintor paa Øyre. Helge bjolan kom med skipe sitt sør i lande; han tok heile Kjalarnes millom Kolla-fjorden og Kvalfjorden og budde paa Esjuberg til sin alderdom. Helge magre kom med sitt skip nord i lande; han tok heile Øyjafjorden millom Siglunes og Røynesnes og budde paa Kristnes. Fraa Helge og Torunn or Øyfjordinga-ætti komi.
4. Kjetil flatnev og ætti hans i Skotland.
Kjetil flatnev kom med skipe sitt til Skotland og vart godt motteken av hovdingom, av di han var ein namngjeten og storætta mann, og dei baud honom der dei kaar som han vilde. Kjetil slo seg ned der med alt frendefolke sitt, so nær som Torstein, dottersonen hans; for han gav seg straks paa herferd og herja vidt umkring i Skotland og fekk jamnan siger. Sidan gjorde han forlik med skottarkongen og fekk halve Skotland og vart konge yver. Han vart gift med Turid Øyvindsdotter, syster aat Helge magre. Skottarne heldt ikkje lenge forlike, for dei sveik honom mot all folkerett. Are Torgilson den frode segjer um Torstein at han fall paa Katanes. Unn djuprike var paa Katanes, daa Torstein, son hennar, fall, og daa ho spurde det, at Torstein var fallen og far hennar daaen, daa trudde ho ikkje ho kunde faa nokor uppreising der. Daa fekk ho løynleg bygt ein knarr i skogen og hadde all rikdomen sin um bord. Ho fekk med seg alle dei frendarne sine der som enno var i live. So segjer folk, at dei knapt veit døme paa at eit kvinnfolk hev kome seg burt fraa ein slik ufred med so mykje gods og so stort eit fylgje. Av di kann ein sjaa at ho hev vore framifraa til kvinna. Ho hadde og med seg mange store og høgætta menner; den gjævaste av dei var Koll, som var herse. Ein annan høgætta og stor mann, som var med Unn paa ferdi, var Hord. Unn siglde aat Orknøyom og dvalde der ei liti rid. Der gifte ho burt Groa, den eine dotteri hans Torstein raude; ho vart mor aat Greilod, som vart gift med Torfinn jarl, son hans Torv-Einar jarl, son hans Ragnvald Mørejarl; son deira var Lodve, far aat Sigurd jarl, som var far aat Torfinn jarl, og fraa honom kjem heile Orknøyjarla-ætti. Deretter heldt Unn med skipe sitt til Færøyom og dvalde noko der; der gifte ho burt Olov, den andre dotteri hans Torstein; fraa dei kjem den gjævaste ætti der i lande, som dei kallar Gotuskjeggerne.
5. Unn djuprike fer til Island Dala-Koll i Laksaadalen.
No budde Unn seg til aa fara fraa Færøyom, og gjorde kunnigt for skipsfolke sitt, at ho etla seg til Island; ho hadde med seg Olav feilan, son hans Torstein raude, og dei ugifte systrarne hans. Deretter sette ho til havs, og det gjekk vel med yverferdi, til dei kom sunnanfor lande ved Vikraaskeid; der vart skipe sundbrote; men alt folke og godse vart berga. Daa for ho til Helge, bror sin, med 20 mann; han gjekk imot henne og baud henne til seg med 10 mann. Ho vart vreid og svara at ho ikkje hadde visst han var so lite til mann, og for derifraa. No etla ho seg til Bjørn, bror sinn, i Breidafjorden; men daa han fekk spurt at ho kom, for han imot henne med mange menner og helsa henne velkomi og baud henne til seg med alt mannskape hennar; for han kjende syster si og visste at ho var storfelt. Det likte ho godt og takka honom for det stormannslege bode. Ho var der um vinteren og livde stort; for Bjørn hadde nok aa taka av og spara ikkje paa det. Um vaaren for ho yver Breidafjorden og kom til eit nes, der dei aat dagverd; det vart sidan kalla Dogurdarnes og gjeng ut fraa Medalfellsstrandi. Sidan heldt ho med skipe sitt innetter Kvamsfjorden og kom der til eit nes, der dei vart liggjande ei rid; der tapte Unn kamben sin, og soleis vart det heitande Kambsnes. Deretter for ho um alle Breidafjordsdalarne og tok seg land so vidt ho vilde. Sidan heldt ho med skipe sitt inn i fjordbotnen, og der var høgsætestolparne hennar rekne i land; ho tykte daa det var greidt aa vita, kvar ho skulde taka bustad. Ho bygde daa den garden som sidan heiter Kvam, og busette seg der. Same vaaren som Unn sette bu i Kvam, fekk Koll Torgjerd, dotter hans Torstein raude; det gjestebode kosta Unn og gav Torgjerd heile Laksaadalen i heimanfylgja. Koll busestte seg der sunnanfor Laksaai; han var ein mann som hadde godt vit paa aa koma seg fram. Son deira var Hoskuld.
6. Landnaame hennar Unn. Dotrarne hans Torstein raude.
Deretter gav Unn fleire menner av landnaame sitt. Hord gav ho heile Hordadal ut til Skraamu-laupsaa; han budde paa Hordabolstad og vart ein merkeleg mann og fekk ei stor ætt etter seg. Son hans var Aasbjørn den rike, som budde paa Aasbjørn-stad i Ørnolvsdal; han fekk Torbjørg, dotter aat Midfjord-Skjegge; dotter deira var Ingebjørg, som fekk Illuge den svarte, og sønerne deira var Hermund og Gunnlaug ormstunga. Den ætti vert kalla Gilsbak-kingarne. Unn sagde til mennerne sine: "No skal de faa løn for arbeide dykkar; det skortar oss no ikkje paa raad til aa betala dykk dykkar stræv og godvilje. De veit at eg hev gjeve fri den mannen som heiter Erp, son aat Meldun jarl; det var langt ifraa at eg vilde ein so storætta mann skulde bera trælenamn." Deretter gav Unn honom Saudafellsland millom Tunguaa og Midaa; borni hans var Orm og Aasgeir og Gunnbjørn og Halldis, som vart gift med Dala-Alv. Sokkolv gav ho Sokkolvlsdal, der han budde so lenge han livde. Humle heitte ein mann som ho hadde gjeve fri; han var skotsk av ætt; honom gav ho Hundadal.
Osk heitte den fjorde dotteri aat Torstein raude; ho vart mor aat Torstein surt den spake, som fann upp sumar-auken. Torhild heitte den femte dotteri aat Torstein; ho vart mor aat Alv i Dalom, og mange er dei som reknar ætti si fraa honom. Dotter hans var Torgjerd, som vart gift med Are Maarsson paa Røykjanes, son aat Maar Atleson, son aat Atle den skjalge og Bjørg Øyvindsdotter, syster aat Helge den magre; fraa dei er Røyknesingarne komne. Vigdis heitte den sjette dotteri aat Torstein raude; fraa henne kjem Hovdamennerne i Øyafjorden.
7. Dauden hennar Unn, Hoskuld Kollsson. Torgjerd fer til Noreg.
Olav feilan var den yngste av bornom hans Torstein. Han var stor og sterk, væn og ein framifraa dugande kar. Honom vyrde Unn framfyre alle andre menner, og difor lyste ho til, at ho etla honom alle eigner etter seg i Kvam. Unn var no so gamall at alderen hadde teke mykje paa henne. Ho kalla Olav feilan aat seg og sagde: "Eg tykkjer du skulde setja bu sjølv og gifta deg, frende!" Olav tok det vel upp og sagde han vilde lita paa hennar umtanke med den saki. Unn sagde: "Eg hev tenkt det var best, at brudlaupe ditt vart no i sumar, men sist paa sumaren; for daa er det lettast aa faa i alt det som skal til, og daa er det meir von at venerne vaare kann koma mykje mannsterkare. For eg trur dette vert det siste lage eg kjem til aa halda." Olav sagde: "Detta er vel tala; men den som eg vil hava til kona. skal ikkje rana fraa deg korkje godse ditt eider styringi." Same hausten fekk han Olav feilan Alvdis til kona; brudlaupe deira stod i Kvam. Unn kosta mykje paa lage; for ho let bjoda stormenner vidt umkring fraa andre sveiter. Ho bad brørarne sine, Bjørn og Helge bjolan, og dei kom og hadde mange med seg. Dala-Koll, maagen hennar, kom og, og Hord fraa Hordadal og mange andre stormenner. Det vart eit framifraa stort lag, og endaa kom det ikkje paa langt nær so mange som Unn hadde bede; for Øyfjordingarne hadde lang veg aa fara. Alderen hadde daa teke so hardt paa Unn, at ho ikkje var uppe fyrr ved middagstid, og ho lagde seg tidleg. Ingen fekk lov aa spyrja til henne fraa ho hadde gjenge i seng um kvelden og til ho var klædd um dagen, og um nokon spurde korleis det var med henne, svara ho vreidt. Denne dagen sov Unn i lengste lage; men ho var daa paa fotom likevel, daa gjesterne kom, og gjekk imot dei og tok sømelegt imot frendarne og venerne sine, og sagde det var snildt gjort av dei, at dei hadde kome den lange vegen. Ho nemnde serleg Bjørn og Helge, men sagde og at ho vilde takka alle dei andre som var komne. So gjekk ho inn i skaalen, og ein stor flokk fylgde henne. Og daa alle hadde fenge seg sess, vanta der ikkje ord um dette lage, kor stort og gildt det var. Daa sagde Unn: " Bjørn, bror min, og Helge og dei andre frendarne og venerne vaare tek eg til vitne paa dette: denne garden, med all den bunaden som de no kann sjaa, gjev eg Olav, frenden min, til odel og eige." Deretter stod ho upp og sagde ho vilde gaa til soverome sitt, og bad dei alle moroa seg som dei best vilde, og baud at aalmugen skulde faa munngaat aa moroa seg med. Det er sagt, at Unn hev vore baade høg og trek; ho gjekk med faste stig inn gjenom skaalen, og alle sagde ho var ei vyrdeleg kona enno. Dei drakk utyver kvelden, til dei tykte det var tid til aa sova. Men dagen etter gjekk Olav feilan til soverome hennar Unn, og daa han kom inn der, sat Unn uppe ved hovudgjerdi og var daai. Olav gjekk daa aat skaalen og fortalde det som var hendt, og folk tykte det var merkelegt som Unn hadde halde vyrdnaden sin til det siste. No vart brudlaupe hans Olav og arveøle hennar Unn drukke samstundes, og den siste dagen i lage vart Unn flutt til den haugen som var tillaga til henne. Ho vart lagd i eit skip i haugen, og mykje gods med henne, og so vart haugen attkasta. Olav tok daa ved garden i Kvam og alt godse, med sam-tykkje av dei frendom sine som daa var hjaa honom. Daa lage var slutt, gav han dei gjævaste menner store gaavor fyrr dei for.
Olav vart ein megtug mann og ein stor hovding; han budde i Kvam so lenge han livde. Borni hans med Alvdis var Tord gjelle, Tora, Helga og Tordis. Tord gjelle vart gift med Rodny, dotter aat Midfjord-Skjegge; sønerne deira var Øyolv den graa, Torarin fylsenne og Torkjel kugge. Tora vart gift med Torstein torskabit, son aat Torolv mortrarskjegg; sønerne deira var Bork den digre og Torgrim, far aat Snorre gode.
Helga vart gift med Gunnar Livson; døtrarne deira var Jofrid, som fyrst vart gift med Torodd, son hans Tungu-Odd, og sidan med Torstein Egilson, og Torunn, som vart gift med Herstein, son hans Torkjel Blund-kjetilson. Tordis, den tridje dotteri hans Olav feilan, vart gift med Torarin Ragebror logsogumann.
Medan Olav budde i Kvam, fekk Dala-Koll, maagen hans, sott og døydde. Hoskuld, sonen hans Koll, var ung daa faren døydde, men var mykje meir framkomen i vit enn ventande var etter alderen. Han var baade ein væn og dugande mann. Han tok farsarven og garden som Koll hadde butt paa, og som no fekk namn etter Hoskuld og vart kalla Hoskuldstad. Han vart straks vensæl, for han fekk god studnad baade av frendar og dei vonom som Koll, far hans, hadde vunne seg. Torgjerd Torsteinsdotter, mor hans Hoskuld, var enno ung og framifraa væn. Ho leiddest ved Island, etter Koll var daaen. Ho segjer difor aat Hoskuld, son sin, at ho vil fara or lande med den parten av godse som hennar var. Hoskuld tykte det var ille dei skulde skiljast, men sagde likevel han vilde ikkje gjera henne meir imot i detta enn i anna. Deretter kjøpte han aat mor si halvt i eit skip som stod paa Dogurdarnes. Torgjerd drog daa dit og hadde mykje gods med seg; deretter siglde ho til havs, hadde lukka paa ferdi og kom til Noreg. Ho hadde i Noreg mykje av ætti si og mange gjæve frendar; dei tok vel imot henne og baud henne alt ho vilde taka av dei, og ho tok vel imot bode og sagde at ho etla aa busetja seg der i lande. Torgjerd vart ikkje lenge enkja; ein mann som heite Herjolv fridde til henne; han var lendermann, rik og velvyrd; han var ikkje væn, men stor og sterk, og karsleg saag han ut, og framifraa stridfør var han. Av di Torgjerd var enkja, skulde ho sjølv svara paa detta; ho gjorde som frendarne hennar vilde, og drog seg ikkje undan, men gifte seg med Herjolv og flutte heim aat honom. Det gjekk godt millom dei. Torgjerd synte snart at ho var ei dugande kvinna, og Herjolv kom seg no so mykje betre upp enn fyrr og vart mykje gjævare mann, daa han hadde fenge ei slik kona som Torgjerd.
8. Rut Herjolvson. Torgjerd kjem att til Island.
Herjolv og Torgjerd hadde ikkje vore lenge saman fyrr dei fekk ein son; han vart aust med vatn og fekk namne Rut. Han voks upp og vart tidleg stor og sterk; han var betre vaksen enn alle andre menner, høg og herdebreid, smal um live og godt lema paa hender og føter. Rut var den vænaste mannen ein kunde sjaa, liksom Torstein, morfar hans, og Kjetil flatnev hadde vore, og han var ein dugande mann i alle maatar. Herjolv fekk sott og døydde, og folk tykte det var stor skade. Daa fekk Torgjerd hug til Island; ho vilde vitja Hoskuld, son sin, for ho elska honom framfor alle andre. Rut vart att hjaa frendom sine og hadde det godt der; men Torgjerd drog til Island og kom til Laksaadal til Hoskuld. Han tok imot mor si som han best kunde; ho hadde stor rikdom paa gods og var hjaa Hoskuld so lenge ho livde. Nokre vintrar etter vart ho sjuk og døydde og vart lagd i haug. Hoskuld tok alt godse, men det halve høyrde Rut, bror hans, til.
9. Hoskuld og Jorunn.
Den tidi raadde Haakon Adalsteinsfostre for Noreg. Hoskuld var hirdmannen hans og ein namngjeten mann baade i Noreg og paa Island.
Bjørn heitte ein mann; han budde i Bjarnarfjorden, der lian hadde teke seg land; etter honom hev den fjorden fenge namn som skjer seg inn i nordaust fraa Steingrimsfjorden, berre med ein hals imillom. Bjørn var baade storætta og rik. Ljuva heitte kona hans. Dotter deira var Jorunn, ei væn og storfelt kvinna, og som hadde framifraa godt vit. Ho vart haldi for det beste gifte i alle vestfjordom. Denne kvinna, fekk Hoskuld høyrt gjete, og det med, at Bjørn var den beste bonden i alle Strendom. Hoskuld reid heimanfraa med 10 mann og kom til Bjørn bonde i Bjarnarfjorden. Han vart godt motteken, for Bjørn visste god greida paa kven mann han var. Hoskuld bar fram bøni si, og Bjørn gav honom eit godt svar; han tykte dotter hans kunde ikkje verta betre gift, sagde han; men han vilde lata henne sjølv raada. Daa Jorunn vart spurd, svara ho soleis: "Alt det eg hev spurt um deg, Hoskuld, er slikt at eg vil svara godt paa dette, for eg trur ikkje den kvinna vil lida naud som fær deg til mann; men far min skal avgjera det likevel, for eg vil samtykja i det som han vil." Anten no detta varde lenge elder stutt, so vart daa enden den, at Jorunn vart fest til Hoskuld med mykje gods; brudlaupe skulde staa paa Hoskuldstad. Hoskuld reid heim, og vart heime til dess gjestebode skulde vera. Daa tidi kom, drog Bjørn nordantil med gildt fylgje; Hoskuld hadde og mange som han hadde bode, baade vener og frendar, og der vart eit gildt lag. Daa lage vart slutt, drog alle heim til sitt med god venskap og sømelege gaavor. Jorunn Bjørnsdotter vart att paa Hoskuldstad og tok ved hus-halde der med Hoskuld, og det synte seg snart paa stelle hennar, at ho var klok og hadde godt fyre seg og kunde mykje; men so var ho nokolite stor paa det og. Samlive millom henne og Hoskuld var godt; men dei var ikkje mykje saman til kvardags. Hoskuld vart no ein stor hovding; han hadde mykje aa segja og lagde seg mykje frami, og det skorta honom ikkje paa gods; han vart ikkje i nokon maate mindre mann enn Koll, far hans, hadde vore. Hoskuld og Jorunn hadde ikkje livt lenge saman fyrr dei fekk born. Den eldste var ein son som fekk namne Torleik; den andre heitte Baard; døtrarne deira var Hallgjerd langbrok og Turid. Dei var alle emnelege born. Torleik var stor og sterk og mykje ruvande, men faamælt og tver, og folk tykte ikkje han var god aa koma utav det med; Hoskuld sagde jamnan at han liktest mykje paa Strandefolke. Baard var ein staut og sterk mann, og han saag ut til aa likjast meir paa farfrendom sine; han var god og mild i uppvokstren og vensæl, og Hoskuld elska honom mest av alle bornom sine. Hoskuld stod no paa sitt høgste i magt og æra. Paa denne tidi gifte han Groa, systeri si, med Veleiv gamle; son deira var Holmgangs-Berse.
10. Viga-Rapp, Torstein surt og Torkjel trevil.
Kapp heitte ein mann som budde i Laksaadal nordanfor aai; garden hans fekk sidan namne Rapp-stad; no ligg han i øyde. Rapp var son aat Sumarlide, dei kalla honom Viga-Rapp; farsætti hans var skotsk, men all morætti hans var paa Suderøyom, og der var han fødd. Han var ein stor og sterk mann, og vilde aldri gjeva seg, um han so hadde yvermagti mot seg; difor vart han ein illgjerningsmann, som fyrr er sagt;
men likevel vilde han ikkje bøta sine misgjerningar. Han flydde daa vestyver have og kjøpte seg den jordi han budde paa. Kona hans heitte Vigdis Hallsteins-dotter, og dei hadde ein son som heitte Sumarlide; bror hennar heitte Torstein surt, som daa budde paa Torsnes, og hjaa honom vart Sumarlide fostra; han var ein emneleg gut. Torstein hadde vore gift, men kona var daai. Han hadde tvo døtrar, Gudrid og Osk. Gudrid var gift med Torkjel trovil, som budde i Svignaskard. Han var ein stor hovding og ein klok mann; han var son aat Rauda-Bjarne. Osk, den andre doteri hans Torstein, var gift med ein mann fraa Breida-fjorden som heitte Torarin; han var djerv og vensæl, og var hjaa Torstein, værfar sin, for Torstein var gamall og laut hava hjelp. Kapp var ille likt av dei fleste og fæl til aa egla seg innpaa grannarne sine; han ymta og stundom paa det, at det skulde verta dei tungt aa halda hus nær honom, um dei heldt nokon annan for betre mann enn honom. Daa tok alle bønderne ei raad; dei for til Hoskuld og sagde honom kor ille dei var stelt. Hoskuld bad dei segja honom, naar Rapp gjorde dei noko mein, "for ikkje skal han rana korkje menner elder gods fraa meg," sagde han.
11. Hoskuld fer til Noreg.
Tord godde heitte ein mann som budde i Laksaa-dalen; han var mykje rik, men barnlaus. Han hadde kjøpt jordi han budde paa. Han var grannen hans Kapp og vart ofte nauva av honom; men Huskuld hjelpte honom, so han fekk sitja paa bustaden sin likevel. Kona hans heitte Vigdis og var dotter aat Ingjald, son hans Olav feilan; ho var brordotter aat Tord gjelle og systerdotter aat Torolv raudnev fraa Saudafell. Torolv var ei stor kjempa og stod seg godt, og frendarne hans gjekk ofte til honom, naar dei trong hjelp. Vigdis vart gjevi Tord meir for rikdomen hans enn for di han elles var noko til mann. Tord hadde ein træl som heitte Aasgaut, som hadde fylgt honom til Island; det var ein stor og dugande mann, og endaa han berre var træl, kunde faae frie menner staa paa maal med honom; han tente husbonden sin vel. Tord hadde nok fleire trælar og; men berre denne eine er nemnd. Straks ovanfor garden hans Tord budde ein mann som heitte Torbjørn skrjup; han var stor og sterk og mykje rik, mest paa gull og sylv; men han gav ikkje mykje burt til aalmugefolk.
Hoskuld Dalakollsson slo stort paa; men han tykte garden hadde laakare hus enn han vilde. Han kjøpte daa eit skip av ein hjaltnesing; det stod uppe i Blandaosen. Det skipe gjorde han reidugt, og gjorde kunnugt at han etla seg utanlands; men Jorunn skulde stella mod garden og bornom. Dei sette til havs; det gjekk godt med ferdi deira, dei tok Noreg noko sud-paa, og kom til lands paa Hordaland, der no kjøpstaden Bjørgvin er; der sette han upp skipe sitt. Han hadde der mange frendar; men dei er ikkje her nemnde. Kong Haakon sat daa i Viki, og Hoskuld drog ikkje dit, av di frendarne hans tok imot honom med baae hender. Um den vinteren er ikkje noko aa fortelja.
12. Meie i Brennøyom. Hoskuld kjøper ei trælkvinna.
Fyrstnads paa sumaren bar det so til, at kongen for i stemneleiding aust aat Brennøyom og skulde halda ved lag freden for lande sitt, etter dei logom som daa var. Tridje kvar sumar skulde hovdingarne hava detta møte millom seg og gjera av dei sakerne som kongarne hadde aa døma i. Det tyktest ei moroferd aa fara til detta møte, for dit kom folk mest fraa alle land som den tid var kjende. Hoskuld sette skipe sitt ut; han vilde og fara til dette møte; han hadde ikkje raaka kongen um vinteren, og der skulde vera kjøpstemna og. Der samla seg ovende mykje folk; der var mykje moro, drykk og leikar og gleda av alle slag. Elles er det ikkje stort aa fortelja derifraa. Hoskuld raaka der mange av dei frendom sine som aatte heime i Danmark. Ein dag, som Hoskuld og nokre andre menner var ute og gjekk for moro skuld, fekk han sjaa eit staselegt telt noko av leid fraa dei andre budom. Hoskuld gjekk dit og inn i telte, og der sat ein mann, fint klædd og med ein gjerdsk hatt paa hovude. Hoskuld spurde honom etter namne hans. Han sagde han heitte Gille den gjerdske. "Daa hev eg ofte høyrt gjete deg," sagde Hoskuld, "og eg hev spurt du skal vera den rikaste av alle kjøpmenner; du hev fulla noko aa selja oss, som me vil kjøpa?" Gille spurde kva dei vilde hava. Fylgjesmennerne hans Hoskuld sagde daa at han vilde kjøpa ei trælkvinna, um han hadde nokor slik aa selja. "Eg skynar de vil setja meg i beit no," segjer Gille, "med aa spyrja etter noko som de trur eg ikkje hev; men det er ikkje so visst." Tvert yver budi var der hengt eit tjeld; Gille lyfte paa tjelde, og Hoskuld saag at 12 kvinnor sat innanfor. Daa sagde Gille at Hoskuld fekk gaa inn og sjaa paa dei, um han vilde kjøpa nokor av dei. Hoskuld gjorde so. Han saag vel paa dei; han saag at burtmed enden av tjelde sat det ei som var laakt klædd, men væn, so vidt han kunde sjaa. Daa sagde han: "Kor dyr er denne kvinna?" "Du skal faa henne for 3 merker sylv," svarar Gille. "Du held henne for dyr," sagde Hoskuld; "det er tri gonger so mykje som ho er verd." "Det er sant," segjer Gille, "eg held henne dyrare enn andre, og du skal faa kven du vil av dei andre elleve for ei mork." Hoskuld segjer: nEg lyt fyrst faa visst kor mykje sylv det er i pungen som eg hev i belte mitt," og bad Gille taka fram vegti. "Eg vil ikkje fara med svik," segjer Gille; "denne kvinna hev eit stort lyte, og det vil eg du Hoskuld skal vita, fyrr me gjer av handelen." Hoskuld spør kva det var. "Ho er maallaus," svarar Gille, "eg hev freista paa mangeslags vis aa faa henne til aa tala, men aldri fenge eit ord av henne; difor trur eg visst ho er maallaus." "Tak fram vegti," segjer Hoskuld, "og lat oss sjaa kor mykje pungen min veg!" Gille gjorde so, og sylve vog 3 merker. Daa segjer Hoskuld: "Det hev no laga seg so, at det kann verta handel av; tak du ditt av sylve, og eg tek denne kvinna! Du hev æra av denne handelen, for du hev synt at du ikkje vilde snyta meg." Dermed gjekk Hoskuld heim til budi si. Same kvelden gjekk han i seng med trælkvinna, og morgonen etter, daa folk klædde paa seg. sagde Hoskuld: "Det er ikkje for fine klæde Gille den rike hev gjeve deg; men so er det daa so og, at det skal meir til aa klæda tolv enn ei." Deretter let han upp ei kista og tok upp gode kvinneklæde og gav henne, og det sagde alle, at gode klæde hevde henne godt.
Daa hovdingarne hadde gjort av dei sakerne som var framme, vart det slutt paa møte. Daa gjekk Hoskuld til kong Haakon og helsa honom med vyrdnad, som skaplegt var. Kongen saag paa honom og sagde: "Me skulde hava teke vel imot deg, Hoskuld, um du hadde helsa paa oss lite fyrr og; men endaa skal du vera velkomen."
13. Hoskuld kjem heimatt. Melkorka.
Kongen vilde hava Hoskuld med seg til Noreg paa sitt eige skip, og baud honom vera hjaa seg so lenge han vilde vera i Noreg. Hoskuld takka, men sagde han hadde mykje aa gjera; at han hadde drygt so lenge, fyrr han hadde kome til kongen, kom seg ogso mykje av di at han skulde kjøpa seg hustimber. Kongen bad honom halda til Viki med skipe sitt. Hoskuld vart verande hjaa kongen ei tid, og kongen let honom faa hustimber og ladde skipe hans. Daa sagde kongen til Hoskuld: "Ikkje skal eg hefta deg lenger her hjaa oss enn du sjølv vil; men det vert vondt um aa faa ein mann i staden din." Deretter fylgde kongen honom til skipe og sagde: "Eg hev freista deg so mykje, at eg hev set du er ein heidersmann; men det kjem fyre meg, at det er siste gongen du sigler fraa Noreg, med eg er herre her i lande." Dermed drog kongen ein gullring av handi si og gav honom; han vog ei mork; han gav honom og eit sverd som kom paa ei halv mork gull. Hoskuld takka kongen for gaavorne og all den æra han hadde vist honom, gjekk so um bord og siglde til havs. Dei fekk god bør og kom til Island paa søre sida; dei siglde vest um Røykjanes og Snæfellsnes, og inn i Breidafjorden. Hoskuld lagde til lands i Laksaaosen. Han let bera ladningi av skipe og sette skipe upp innanfor Laksaa og bygde eit skur yver det. Det syner enno tufti, der han let byggja skure. Han sette upp buder der; difor vart det kalla Budardal. So let han flytja heim timbre, og det gjekk lett, for det var ikkje lang vegen. Deretter reid han heim med nokre menner og vart godt motteken, som von var. Der hadde det gjenge vel med alt, medan han var burte. Jorunn spurde kven den kvinna var som var med honom. "Du trur fulla eg berre vil halda deg for narr," svara Hoskuld; "men eg veit ikkje namne hennar." Jorunn sagde: "Daa lyt anten det folkesnakke vera lygn, som hev kome for meg, elder du hev tala ved henne so mykje at du lyt hava spurt henne um namne." Hoskuld sagde han vilde ikkje trætta med henne um detta, men segjer henne sanningi og bed dei vera god med denna kvinna; han hadde hug til at ho skulde vera heime der hjaa dei. Daa sagde Jorunn: "Ikkje vil eg hava noko med frilla di, som du hev ført med deg fraa Noreg, um ho var aldri so tekkjeleg aa vera i lag med; men no tykkjer eg det vert verre enn verst, naar ho er baade dauv og maallaus." Hoskuld sov hjaa kona si kvar natt, sidan han var heimkomen, og var lite i lag med frilla; men det var lett aa sjaa for alle, at ho kunde te seg fint og stormannslegt og ikkje var fraa eit avhol. Sist paa vinteren fødde frilla Hoskuld ein gut; det vart sendt bod paa honom, at han skulde sjaa barne, og han tykte daa som andre, at han aldri hadde set vænare og finare barn. Han vart spurd, kva guten skulde heita, og han bad dei kalla honom Olav, for daa var Olav feilan, morbror hans, nyst daaen. Olav vart ein framifraa gut, og Hoskuld lagde stor elsk paa honom. Sumaren etter sagde Jorunn, at anten skulde frilla taka paa seg eitkvart arbeide elder so flytja derifraa. Hoskuld baud henne tena honom og Jorunn og passa guten sin attaat. Daa guten var 2 aar gamal, kunde han segja kva han vilde, og sprang einsleg som 4 aars gamle born. ? Det hende seg ein morgon, at Hoskuld hadde gjenge ut og vilde sjaa paa bøen sin; vere var godt, og soli skein, men var berre sovidt paa himlen komi. Han høyrde mannamaal i bekkjedalen nedanfor tunbakken; han gjekk dit og saag tvo menneskje nedi der, og daa var det Olav, son hans, og mor hans. Fekk han daa visst at ho ikkje var maallaus; for ho svalla mykje med guten. Hoskuld gjekk burtaat dei og bad henne segja kva ho heitte; no kunde det ikkje nytta aa dylja det lenger. Ho sagde ho skulde so gjera, og dei sette seg ned paa bakken. Daa sagde ho: "Vil du vita namne mitt, daa heiter eg Melkorka." Hoskuld bad henne fortelja meir um ætti si. Ho sagde: "Myrkjartan heiter far min; han er konge i Irland; eg vart herteki derifraa daa eg var 15 aar gamall." Hoskuld sagde ho hadde tagt for lenge med so god ei ætt. Han gjekk inn og sagde Jorunn kva nytt han hadde spurt. Jorunn sagde ho visste ikkje um gjenta sagde sant, "og eg kann ikkje hava greida paa alle merkelege folk," sagde ho. Dermed vart det slutt paa samtalen, og Jorunn var ikkje snillare med henne enn fyrr; men Hoskuld mætte henne noko meir. Ein kveld ikkje lenge etter, som Jorunn skulde leggja seg og Melkorka drog skorne og hosorne av henne og lagde dei paa golve, daa tok Jorunn sokkarne og køyrde dei i hovude paa henne. Daa vart Melkorka vreid og sette neven i nasa paa henne, so blode rann. Hoskuld kom burtaat og skilde dei. Etter detta let Hoskuld Melkorka flytja derifraa og gav henne bustad lenger upp i Laksaadalen. Den garden fekk sidan namne Melkorkastad, men ligg no i øyde; han laag paa søre sida av Laksaai. Der sette Melkorka bu, og Hoskuld gav henne alt det ho turvte til hushalde. Olav, sonen, var med henne; det synte snøgt paa honom i uppvokstren, at han kom til aa verta mykje vænare og finare i alt sitt lag enn andre folk.
14. Torolv Hallsbane kjem til Goddastad.
Ingjald heitte ein mann; han budde paa Saudøyom i Breidafjorden og vart kalla Saudøyargode; han var ein rik mann og mykje fyre seg. Han hadde ein bror heitte Hall, ein stor og emneleg mann, men berre fatig; likevel vart han ikkje halden for ein stakar av dei fleste. Han og Ingjald var for det meste ikkje godt forlikte; Ingjald tykte at Hall tedde seg for lite som ein stormann, og Hall tykte at Ingjald var for lite kar til aa bruka magti si. I Breidafjorden er det ein veidestad som heiter Bjørnøyarne; der er mange øyar i ein krull, og dei var stor-rike paa fisk. Den tidi drog folk mykje dit paa fiskje, og det var folksamt der stødt. Vituge menner tykte det var mykje um aa gjera, at folk var godt forlikte paa slike utvær; for dei sagde at det gjekk ikkje so godt med fiskje, naar nokon vart usamde, og dei fleste gav god gaum etter det. Ein sumar kom Hall, bror hans Ingjald Saudøyargode, aat Bjørnøyom og etla seg til fiskje; han hadde baatlag med ein mann som heitte Torolv og var Breidafjording; han var lauskar og aatte mest inkjenoko, men var likevel ein glup kar. Hall var der ei tid, og tykte um seg sjølv at han var mykje likare enn dei andre. Ein kveld, som Hall og Torolv kom til lands og skulde skifta fengdi si, vilde Hall baade velja og skifta, av di han tykte seg sjølv størst. Men Torolv vilde ikkje gjeva seg han helder, og brukte store ord; skifte dei daa nokre ord og heldt kvar paa sitt. Daa treiv Hall eit hoggvaapn, som laag frammed honom, og vilde setja det i hovude paa Torolv. Folk lagde seg no imillom og heldt atti Hall; han var rasande, men kunde ikkje faa gjort noko den gongen, og fengdi deira vart ikkje skift. Torolv gjekk daa burt um kvelden; men daa tok Hall aaleine all den fengdi som dei aatte baae, og let det kjennast, kven som hadde magti; deretter fekk han seg ein mann paa baaten i staden for Torolv og heldt ved med fiskje som fyrr. Torolv likte seg ille og tykte seg fælt svivyrd ved detta; men han vart verande der paa øyom, og hadde sett seg visst fyre, at han skulde bøta den skaden som med vald var honom gjord. Hall var like trygg og meinte at ingen mann torde vaaga seg mot honom der i ættargrendi hans. Ein godversdag rodde Hall ut, og dei var tri paa baaten; det beit godt um dagen, og daa dei rodde heim um kvelden, var dei svært glade. Torolv hadde fenge visst kva Hall for med um dagen, og stod nede med baatstødi um kvelden, daa Hall og mannskape hans kom til lands. Hall, som rodde i fremste tofta, sprang i sjøen og vilde taka mot baaten; men med det same han kom paa land, stod Torolv der og hogg straks til honom; han raaka honom i halsen ved herdom, og hovude fauk av. Torolv hadde seg undan; roen fylgjesveinarne hans Hall for umkring like og var reint forfjamsa. Draape hans Hall vart no spurt utyver øyarne, og det tyktest ei stor tidend; for mannen var av stor ætt, um han ikkje hadde vore nokon riking. Torolv freista no aa koma burt fraa øyom, for han visste seg ingi von til aa finna livd hjaa nokon der etter eit slikt storverk; han hadde ingen frendar der helder, som han kunde venta seg hjelp av, og dei mennerne var ikkje langt undan som han kunde vita vilde honom til livs, og som hadde stor magt, fyrst og fremst Ingjald Saudøyargode, bror hans Hall. Han fekk seg skyss yver til fastlande og dulde seg vel, der han for. Um ferdi hans er inkjenoko spurt, fyrr han ein dag ved kveldstider kjem til Goddastad. Vigdis, kona hans Tord godde, var noko skyld Torolv; difor kom han dit til gards. Han hadde spurt fyrr, korleis det var der, at Vigdis var mykje meir til menneskja enn Tord, husbonden hennar; difor gjekk han aat henne, straks han var komen um kvelden, og sagde henne vanden sin og bad henne um hjelp. Vigdis svara soleis: "Ikkje vil eg negta skyldskapen vaar, og ikkje tykkjer eg helder at dette verke som du hev gjort er slikt at eg difor held deg for laakare kar; men det ser ut til det, at dei mennerne som gjev deg hjelp lyt vaaga baade liv og gods, so store menner som her hev ettermaal, og Tord, bonden min," sagde ho, "er ikkje noko storkjempa, og dei raaderne me kvinnor kann hitta paa vert jamnan ikkje gode nok naar det gjeld. Men eg nenner ikkje reint aa slaa handi av deg helder, naar du hev venta deg nokor hjelp her." Deretter førde Vigdis honom aat eit utbur og bad honom bida paa henne der; ho sette laas for døri og gjekk so til Tord og sagde: "Her er komen ein mann som heiter Torolv, som vil gjesta seg her. Han er skyld meg noko. Han vilde gjerne faa vera her ei tid, um du vilde at so skulde vera." Tord sagde han var ikkje um aa hava framande i huse lenge, men han kunde faa kvila seg der ein dag elder tvo, um det ikkje var noko gale med honom; var det det, skulde han skunda seg derifraa so snøgt han kunde. Vigdis segjer: "Eg hev alt teke imot honom som gjest, og eg vil ikkje taka ordi mine att, um han ikkje hev alle til vener." Deretter sagde ho Tord at Hall var drepen vorten, og at det var denne Torolv som no var komen der som hadde drepe honom. Tord vart sint og sagde det var greidt aa vita, at Ingjald vilde taka mykje gods fraa honom for den hjelpi som denne mannen no hadde fenge, so framt han hadde vorte gøymd der innanfor læst dør. Daa sagde Vigdis: »Ikkje skal Ingjald taka betaling av deg for ei natt; for Torolv skal vera her i all vinter." "Slikt kann du snyta meg reint snaud," sagde Tord, "og det er meg reint imot, at ein slik ulukkefugl skal vera her." Men Torolv vart likevel verande der um vinteren. Dette spurde Ingjald, som hadde ettermaale etter bror sin. Daa det leid mot slutten av vinteren, gjorde han seg reiden til aa fara inn i Dalarne; han sette ut ei ferja som han aatte, og drog i vegen 12 mann sterk. Dei siglde vestantil med ein kvass nordvest og landa i Laksaaosen um kvelden, sette upp ferja og for til Goddastad same kvelden. Dei kom ikkje uventande og vart godt mottekne. Ingjald fekk Tord i tale og sagde honom erendi si, at han hadde spurt at Torolv, banemannen aat bror hans, var der. Tord sagde det var berre noko snakk. Ingjald bad honom ikkje trætta; nlat oss gjera ein handel", sagde han; "du gjev meg mannen med det gode, og her hev eg tri merker sylv som du skal faa, og eg skal ettergjeva deg den saki som eg hev paa deg med di at du hev hyst Torolv." Tord tykte sylve var fagert, og at det var gildt sleppa undan den saki som han hadde gruvt so mykje for skulde verta honom til kostnad, og so sagde han: "Eg vil faa skamord av folk for denne samtalen vaar; men eg gjeng med paa denne handelen likevel." Deretter lagde dei seg til aa sova.
15. Vigdis bergar Torolv og hæder Ingjald.
Daa det leid til dag, stod Ingjald og mennerne hans upp og klædde seg. Vigdis spurde Tord kva han og Ingjald hadde rødt um kvelden. Han sagde dei hadde rødt mangt, og hadde vorte samde um det, at dei skulde faa ransaka som dei vilde; men fann dei ikkje Torolv der, skulde han og Vigdis vera saklause, "og no let eg Aasgaut, trælen min, fylgja mannen hurt," sagde han. Vigdis sagde at ho heldt ikkje av lygn, og at ho tykte det var leidt, at Ingjald skulde fara og snaka umkring i huse hennar; men han fekk daa raada for dette som han vilde likevel. Sidan ransaka Ingjald og fann ikkje mannen der. I det bile kom Aasgaut att, og Vigdis spurde kvar han skildest fraa Torolv. "Eg fylgde honom til saudhusi vaare, som Tord sagde meg fyre," sagde Aasgaut. Vigdis sagde: "Kann du segja meg noko som ligg meir i vegen hans Ingjald, naar han fer til skipe sitt, enn dei? Eg ottast for at dette er noko dei hev lagt yver millom seg i gaarkveld. No skal du straks fara stad og fylgja honom burt det snøggaste du kann; du skal fylgja honom til Torolv paa Saudafell. Og gjer du so som eg byd deg, skal du faa god løn for det: eg skal gjeva deg fridomen og so mykje gods at du kann fara kvar du vil." Aasgaut lova det, og for til saudhuse og fann Torolv der, og sagde honom at dei laut fara derifraa so snøgt dei kunde. I det bile reid Ingjald fraa Goddastad, for han etla seg daa til aa henta vara han hadde kjøpt Men daa dei var nedom garden komne, saag dei tvo menner fara imot seg, og det var Aasgaut og Torolv; det var tidleg paa morgonen, so det hadde ikkje ljosna mykje av dag endaa. Aasgaut og Torolv var no i ei stygg klemma komne; dei hadde Ingjald paa den eine sida og Laksaai paa den andre. Aai var ovleg stor; det laag fast is paa baae sidor, men var ope etter midten, og det var stygt aa setja aat. Daa sagde Torolv til Aasgaut: "No tykkjer eg me hov berre tvo ting aa velja millom: anten aa bida paa dei her ved aai og verja oss so djervt og karslegt som me kann, endaa det daa er størst von at Ingjald og mennerne hans gjer det snøgt av med oss, ? elder ogso lyt me freista aai, og det er fulla noko lite faarlegt det og." Aasgaut bad honom raada, og sagde at no vilde han ikkje skiljast fraa honom, kva raad han vilde taka. Torolv sagde: "Lat oss setja aat aail" og so gjorde dei. Dei tok av seg, so dei vart berre lett klædde, og gjekk ned paa isen og lagde til sums, og daa dei var friske karar og det var so laga at dei skulde faa liva lenger, kom dei seg yver aai og upp paa den faste isen paa andre sida. Nett som dei var yver aai komne, kom Ingjald og fylgjesveinarne hans nedaat aai. Daa tok Ingjald til orde og sagde til fylgje sitt: "Kva skal me no gjera? Skal me setja aat aai elder ikkje?" Dei sagde at han fekk raada; dei vilde lita paa honom og hans umtanke; men dei tykte det saag raadlaust ut aa koma yver aai. Ingjald sagde at det fekk so vera daa, og at dei fekk snu seg fraa aau Men daa Torolv og Aasgaut saag at Ingjald og flokken hans ikkje vaaga seg paa aai, daa vreid dei fyrst klaedi sine, og gav seg so paa gonga og gjekk heile den dagen og kom um kvelden til Saudafell. Der vart dei godt mottekne, for der var alle gjester velkomne, og straks um kvelden gjekk Aasgaut aat Torolv raudnev og sagde honom korleis det hadde seg fraa fyrst til sist med erendi deira, at Vigdis, frenka hans, hadde sendt denne mannen, som var komen der, aat honom, so han kunde faa trygt tilhald. Han fortalde og, korleis Tord godde hadde fare aat, og bar fram dei jarteigner som Vigdis hadde sendt til Torolv. Torolv svarar soleis: "Ikkje vil eg negta aa kjennast ved desse jarteigner, og eg skal visseleg taka imot denne mannen paa hennar ord. Eg tykkjer Vigdis hev fare karsleg aat i denne saki, og det er stor harm, at ei slik kona skal vera so skrøpeleg gift. Du Aasgaut skal og faa vera her, so lenge du vil." Aasgaut sagde han vilde ikkje heftast der lenge. Torolv tok no imot namnen sin og gjorde honom til sin fylgjesmann; han skildest med Aasgaut som gode vener, og Aasgaut gav seg paa heimvegen.
No er aa fortelja um Ingjald, at han snur heim til Goddastad, daa han hadde skilst fraa Torolv. Der hadde det daa kome menner fraa granngardom etter bodsending fraa Vigdis, so det var ikkje færre enn 20 karar der. Daa Ingjald kom paa garden med fylgje sitt, kalla han Tord til seg og sagde til honom: "Du hev ikkje fare aat som ein mann imot oss, Tord; for det held me for visst, at du hev hjelpt mannen undan." Tord sagde seg skuldlaus i detta. No kom det upp alt det Ingjald og Tord hadde lagt yver millom seg; Ingjald vilde no hava att det sylve sitt som han hadde gjeve Tord. Vigdis var nær dei, daa dei talast ved, og sagde at det hadde gjenge dei som det høvde dei.
Ho bad Tord at han skulde gjeva fraa seg detta sylve; "for det hev du ikkje tent paa karsleg vis," sagde ho. Tord sagde han vilde at ho skulde raada i detta. Deretter gjekk Vigdis inn og burtaat kista hans Tord og fann nedi der ein diger pung; den tok ho upp og gjekk ut til Ingjald med honom og bad honom taka mot sylve. Andlite hans Ingjald klaarna, og han rette handi ut mot pungen. Vigdis lyfte pungen og dreiv til honom i nasa, so blode rann paa jordi, og gav honom mange hædeord med paa kjøpe, og det med, at han aldri skulde faa detta sylve; bad ho honom so hava seg derifraa. Ingjald skyna det var det likaste aa koma seg burt so snøgt han kunde; difor gjorde han daa det, og stana ikkje fyrr han kom heim, og var ille nøgd med ferdi si.
16. Olav Hoskuldson kjem til Tord godde.
No kom Aasgaut heim. Vigdis helsa honom velkomen og spurde um dei hadde vorte godt mottekne paa Saudafell. Han let vel um det og sagde henne dei ordi som Torolv hadde sagt til slutt, og dei var henne til stor hugnad. nNo, Aasgaut," sagde ho, "hev du gjort det du kunde, baade trutt og vel, og no skal du straks faa visst løni di og. Eg gjev deg fridom, so du fraa denne dag skal heita fri mann, og so skal du attpaa faa det sylve som Tord tok for hovude hans Torolv, frenden min; det kjem daa i betre hender." Aasgaut takka henne med fagre ord for denne gaava. Sumaren etter tok Aasgaut seg far paa Dogur-darnes. Dei drog til havs, fekk sterk vind og var ikkje lenge um yverferdi; dei tok land i Noreg. Sidan for Aasgaut til Danmark og busette seg der og vart halden for ein god kar. Dermed endar soga um honom.
Men etter dei raaderne Tord godde og Ingjald Saudøyargode hadde lagt millom seg, daa dei vilde raada Torolv, frenden henner Vigdis, bane, let ho det koma til fiendskap og sagde seg skild fraa Tord godde og for til frendarne sine og sagde dei detta. Tord gjelle likte ikkje detta, men gjorde ikkje noko med det likevel. Vigdis hadde ikkje med seg meir fraa Godda-stad enn dei kostelegaste eignerne sine. Kvamværingarne let falla ord um at dei etla henta det godse som Tord godde sat mod. Det klokk i honom, daa han høyrde det, og han reid straks til Hoskuld og sagde honom vanden sin. Hoskuld sagde: "Du hev fenge rædsla i bringa, ser eg, av di du hev inkjenoko aa setja imot ei slik yvermagt." Daa baud Tord Hoskuld gods for hjelp, og sagde han skulde ikkje vera smaa av seg. Hoskuld sagde: "Det hev synt seg, at du ikkje forliker deg slikt med nokon mann so han fær godt av godse ditt." Tord sagde: "Ikkje skal det ganga so til no, for eg vil gjerne yverlata deg alt godse. Og so vil eg bjoda meg til aa taka Olav, son din, til fostring, og gjeva honom alt det som vert etter meg; for eg hev ingen arving her i lande, og eg tenkjer det kjem i betre hender daa, enn um frendarne hennar Vigdis skulde faa klørne sine i det." Dette segjer Hoskuld ja til og let det verta fast avgjort; men Melkorka mislikte det og tykte fostringi vart for ring. Hoskuld spurde henne kvar ho hadde augo sine; "Tord er ein gamall mann," sagde han, "og barnlaus, og eg etlar Olav alt godse, naar han er daaen; og du kann faa sjaa honom so tidt du vil." Tord tok daa den sjuaarsgamle guten aat seg og lagde stor elsk paa honom. Dette fekk dei spurt som hadde krav paa Tord godde, og tykte no det var verre aa faa tak i godse enn fyrr. Hoskuld sende Tord gjelle gode gaavor og bad honom ikkje verta vond for detta, for dei hadde ikkje rett etter logi til aa taka godse fraa Tord, sagde han; Vigdis hadde ikkje slik sak paa Tord, at ho kunde hava fullgod grunn til aa ganga fraa honom, og Tord var ikkje laakare mann for di han freista verta av med ein mann som var paa eigni hans, og som hadde so mange saker paa seg som ein tistel hev piggar. Daa desse ordi fraa Hoskuld kom til Tord gjelle, og store gaavor fylgde med, spakna han og sagde han tykte det godse var i gode hender som Hoskuld varda, og tok imot gaavorne. Sidan vart det stilt med detta; men det vart noko kaldare med venskapen millom dei. Olav voks upp hjaa Tord godde og vart stor og sterk, og so vaen var han, at ikkje maken fanst. Daa han var 12 vintrar gamall, reid han til tings, og folk fraa andre sveiter tykte det var eit under aa sjaa, kor væn han var paa skapnad. Han hadde no og so gilde vaapn og klaede, at han var lett aa kjenna fraa alle andre. Tord godde kom seg mykje betre upp sidan Olav var komen til honom. Hoskuld gav guten kjenningsnamn og kalla honom "Paa", og det namne vart hangande ved honom.
17. Rapp døyr og gjeng att.
Det er sagt um Rapp, at han vart fæl aa hava med aa gjera, og gjekk paa grannarne sine so at dei snaudt kunde berga seg for honom. Men paa Tord fekk ikkje Rapp tak, etter Olav hadde vorte vaksen. Rapp hadde same viljen som fyrr; men det skorta paa magti, for alderen tok honom, so han laut leggja seg til sengs. Daa kalla han Vigdis, kona si, til seg og sagde: "Eg hev ikkje vore brælesjuk," sagde han; "og det er von til det, at denne sotti vil gjera ende paa samlive vaart. Men naar eg er daaen, daa vil eg de skal grava gravi mi i eldhusdøri og setja meg ned standande der i døri; daa kann eg endaa sjaa yver huse mitt vel." Deretter døyr Rapp, og det vart gjort med honom som han hadde fyresagt. Men so ill som han hadde vore aa hava med aa gjera, med han livde, so var han mykje verre no, daa han var daud; for han gjekk mykje att, og det er sagt, at han drap dei fleste husfolki sine mod attergonga si, og at han gjorde dei fleste som budde derikring mykje bry. Soleis vart Rappstadgarden lagt i øyde. Vigdis, kona hans Rapp, drog vestpaa til Torstein surt, bror sin; han tok imot baade henne og godse hennar. No gjorde folk som dei fyrr hadde gjort; dei for til Hoskuld og sagde honom kor mykje ilt Rapp gjorde dei, og bad honom finna paa raad. Hoskuld sagde han skulde so gjera, for med nokre mann til Rappstad og let grava upp Rapp og føra honom burt ein stad, der korkje fe elder folk plaga ferdast. Etter dette tok det mykje av med attergongom hans Rapp. Sumarlide, son hans Rapp, tok godse etter honom, og det var baade stort og fagert. Han busette seg paa Rappstad vaaren etter; men han hadde ikkje butt der lenge, fyrr han gjekk fraa vite, og lite etter døydde han. No var Vigdis, mor hans, aaleine um alt dette godse; ho vilde ikkje fara til Rappstad og driva jordi der. Torstein surt tok daa detta godse i forvaring. Han var daa noko til aars, men før og sterk likevel.
18. Torstein surt døyr og Torkjel trevil fuskar seg til arven etter honom.
Paa denne tidi kom frendarne hans Torstein, Bork den digre og Torgrim, bror hans, seg upp til heider og æra paa Torsnes, og det synte seg snart, at dei vilde vera dei største og mest vyrde der. Daa Torstein skyna det, vilde han ikkje bægjast med dei; difor gjer han kunnigt for folk, at han etlar skifta bustad og flytja til Rappstad i Laksaadal. Han gjorde seg reiden til aa fara etter vaartinge. Sauerne vart jaga innetter strandi; men sjølv tok lian ei ferja og gjekk um bord, 12 mann sterk. Torarin, maagen hans, var med honom, og Osk Torsteinsdotter og Hild Helgesdotter, som var berre 3 vintrar gamall. Dei fekk ein kvass sudvest og siglde etter straumom inn i Kolkistestraumen, ein av dei sterkaste straumom i Breidafjorden. Der vart det ugreidt med siglingi deira, av di at sjøen fall og vinden ikkje var god; for det var skurver, kvast naar det reiv i, men mest stilt dessimillom. Torarin styrde og hadde brasen um akslerne sine, av di det var trongt paa skipe; det var mesto ladt med kistor og slikt, som stod høgt i vere, og lande var nær paa baae sidor. Det gjekk smaatt, for straumen var strid imot; dei siglde upp paa eit skjer, men skipe vart ikkje sundbrote. Torstein bad dei faa sigle ned, so snøgt dei kunde, taka baatshakar og faa skipe laust. Dette vart freista, men gjekk ikkje, for det var so djupt paa baae sidor, at hakarne ikkje tok botn, og dei laut daa bida paa floi. Skipe vart no meir og meir uppfjøra. Dei saag ein sel i straumen um dagen, mykje større enn andre; han for i ring og ring um skipe, og det saag ut for dei alle som hadde han mannsaugo. Torstein bad dei skjota selen; dei freista, men fekk ikkje raam paa honom. Sidan flødde sjøen; men daa skipe var nær paa aa flota, kjem det eit ovende kvast vér og kvelver skipe, og dei drukna alle som paa skipe var, nær som ein mann som heitte Gudmund; han dreiv i land med rake, paa den staden som sidan heiter Gudmundsøyarne. Gudrid, kona hans Torkjel trevil, hadde no erveretten etter Torstein surt, som hadde drukna, og alle dei andre som hadde sett live til der. Torkjel sender straks bod aat denne Gudmund, som hadde kome seg paa land, og daa han kjem, gjer Torkjel løynleg ein handel med honom, at han, naar han vart spurd korleis det hadde bore til med denne ulukka og mannaspilla, skulde fortelja det soleis som Torkjel sagde fyre. Dette lova Gudmund. Torkjel spør honom no ut um detta, so mange folk høyrde det. Daa segjer Gudmund at Torstein hadde drukna fyrst, og so Torarin, maagen hans, og soleis hadde Hild daa erveretten, for ho var dotter hans Torarin; so, sagde han, drukna gjenta, for etter henne var Osk næraste ervingen, og ho døydde sist av dei. Soleis fall alt godse til Torkjel trevil, for Gudrid, kona hans, hadde erveretten etter syster su No vart detta utyver havt av Torkjel og folke hans; men Gudmund hadde fyrr fortalt det noko onnorleis. Frendarne hans Torarin tykte no denna soga ikkje var so reint viss, og sagde dei vilde ikkje tru henne, minder ho vart sanna. Dei kravde helvti av arven med Torkjel; men Torkjel meinte han aatte honom aaleine, og baud seg til aa gjera skirsel, som sed var. Detta brukte dei den tidi aa gjera soleis, at dei gjekk under ei torvremsa; ei torva vart lausskori or grasvollen, mens soleis at baae endarne var faste, og so skulde den mannen som vilde gjera skirsli, gaa under henne. Torkjel trevil tvila nok paa at det hadde ikkje gjenge slikt til med dauden aat desse folkom som Gudmund og han hadde sagt siste gongen. Ikkje trudde heid-ningarne at dei sette mindre i vaagan, naar dei skulde gjera slikt, enn dei kristne no gjer, naar skirsler vert gjorde. Den som gjekk under torvremsa, vart rein, naar torva ikkje datt ned paa honom. Torkjel lagde yver med tvo menner, at dei skulde vorta usamde um eitkvart og halda seg nær, naar skirsli vart gjord, og koma nær torva, so mykje at alle kunde sjaa at det var dei som gjorde ho datt. Den som skulde gjera skirsli, tok daa til med det; men nett som han var komen under jordremsa, sprang desse mennerne mot kvarandre med vaapn, og møttest ved torvbogen og vart liggjande der, medan torvremsa datt ned, som ventande var. Folk gjekk straks millom dei og skilde dei, og det var ikkje vondt um aa faa gjort, for det var ikkje for aalvor dei slost. Torkjel trevil spurde daa dei som saag paa, kva dei tykte um skirsli, og daa sagde alle mennerne hans at det hadde gjenge vel, um ingen hadde spillt det. So tok Torkjel all lausøyren, og jordi vart lagd attaat Rappstad.
19. Rut Herjolvson kjem til Island. Strid millom Hoskuld og Rut.
Hoskuld var ein stor hovding og raadde yver mykje; men mykje av det han hadde under hender høyrde Rut Herjolvsson, bror hans, til, og mange sagde at det vilde gjera noko-mykje mink i rikdomen hans, um han skulde betala honom mor-arven hans fullt ut. Rut var hirdmann hjaa kong Harald Gunhildson, og vart mykje vyrd av honom, og det kom seg mest av di han var slik ein utifraa kar; men dronning Gunhild sette honom so høgt, so ho korkje i ord elder paa andre maatar heldt nokon i hirdi jamgod med honom, og naar det vart halde mannjamning, og nokon fekk ros, daa var det lett for alle aa skyna, at Gunhild tok det anten for vitløysa elder ovund, naar nokon mann vart likna med Rut. Rut vart huga paa aa fara til Island, av di han hadde so mykje eigedom og gjæve frendar der. Han bur seg no til denne ferdi, og daa dei skildest, gav kongen honom eit skip og sagde han hadde kjent honom som ein god kar. Gunhild fylgde honom til skipe og sagde: "Ikkje skal dette segjast laagt, at eg hev kjent deg som ein ovkar, for i dug er du jamgod med dei beste menner her i lande, og i vit stend du langt framum dei." Dermed gav ho honom ein gullring og bad honom vel fara, drog so kappa yver hovude og gjekk snøgt heim til garden; men Rut steig um bord paa skipe og siglde til havs. Han fekk god bør og kom til Breidafjorden, siglde inn Breidasund og lagde til lands ved Kambsnes. So reid han til Hoskuld og kravde morarven sin. Hoskuld sagde han skyldte honom inkjenoko; mor hans hadde ikkje fare snaud fraa Island, den tid ho raaka paa Herjolv. Rut vart harm og reid derifraa. Alle frendarne hans for sømeleg aat mot honom, so nær som Hoskuld. Rut budde 3 vintrar paa Kambsnes og kravde jamnan arven sin av Hoskuld paa ting og andre logmøte. Han tala si sak godt, og dei fleste meinte Rut hadde rett. Hoskuld heldt fram det, at det var ikkje med hans vilje at Torgjerd hadde gift seg med Herjolv; men Rut meinte at mor hans raadde seg sjølv etter logi. Same hausten vart Hoskuld beden til Tord godde til eit lag; detta fekk Rut spurt og reid til Hoskuldstad sjølv tolvte og dreiv med seg 20 naut derifraa; likso mange let han vera att. Sidan sende han ein mann til Hoskuld med bod um kvar krøteri var aa finna. Huskararne hans Hoskuld tok straks vaapni sine og sende bod aat dei næraste graonom; dei vart daa 15 mann ihop, og reid etter, so kvast dei kunde. Rut og mennerne hans saag ikkje, at dei var ettersette, fyrr dei var mest framkomne til Kambsnes. Dei steig daa straks av hestom sine og batt dei og gjekk fram paa ein mel; der sagde Rut dei skulde taka imot dei; det gjekk seint for honom aa faa det han skulde hjaa Hoskuld, sagde han, men ikkje skulde det spyrjast, han flaug undan for trælom hans. Mennerne hans Rut sagde dei fekk fleire mot seg; men Rut meinte det gjorde inkjenoko; dei skulde fara dess verre ferd, dess fleire dei var. Laksdølerne sprang av hestom sine og gjorde seg reidne; men Rut bad mennerne sine ikkje sæta yermagti, og for fram imot dei, med hjelm paa hovude og drege sverd i den eine handi og skjold i den andre. Han var ein svær krigsmann, og no gjekk han so rasande paa, at faa kunde fylgja honom. Dei slost godt ei stund paa baae sidor; men Laksdølerne saag snart dei hadde med yvermannen sin aa gjera, der Rut var; for han drap tvo mann i eitt skov. Dei bad daa um grid. Rut sagde at det skulde dei faa. Daa var alle huskararne hans Hoskuld saara, og 4 var drepne. Rut for heim; han var noko saara, men fylgjesveinarne hans lite elder inkje, for han hadde sjølv halde seg fremst. Staden der dei slost vart sidan kalla Orrostudal. Sidan let Rut slagta fee. Daa Hoskuld spurde rane, samla han folk aat seg og reid heim. Straks etter kom huskararne heim og; dei fortalde kor ille det hadde gjenge dei. Hoskuld vart galen og sagde han var ikkje meint paa aa lata Rut faa rana fe og drepa folk for seg tidare. Heile den dagen samla han menner aat seg. Daa gjekk Jorunn aat honom og spurde kva han no hadde fyre seg.
"Det er ikkje noko vidare," segjer han; "men eg vilde gjerne folk skulde faa anna aa tala um enn draape paa huskararne mine." Daa segjer Jorunn: "Stygt er det, um du vil drepa ein slik mann som bror din, og der er dei som segjer at Rut med god rett kunde hava henta detta fee fyrr. No hev han synt at han ikkje lenger vil reknast som ein lausunge, men hava det som hans er, og som han er ættboren til. Og ikkje hev han no vaaga seg til detta, aa kappast med deg, fyrr han visste seg von um hjelp av dei mennom som sterre er; for det er meg sagt, at det hev gjenge løynlege bod millom Tord gjelle og Rut. Slikt tykkjer eg lyt agtast paa; Tord tykkjer fulla det er godt aa hjelpa i ei sak som er so klåar og greid, og det veit du og, Hoskuld, at Tord er ikkje so blid paa deg som fyrr, sidan saki millom Tord godde og Vigdis kom paa, um du og i fyrstning! greidde deg fraa fiendskapen med honom og frendom hans med gaavor. Og sant aa segja trur eg og det, Hoskuld, at dei i grunnen tykkjer at du og Olav, sonen din, sit inne med den luten som høyrer dei til. Difor trur eg det er raadlegast, at du gjer Rut, bror din, sømelege bod; for graadig ulv er hard aa takast med. Det ventar eg og, at Rut vil taka vel imot det, for han hev ord for aa vera ein klok mann, og han skynar nok at dette or til æra for dykk baae." Hoskuld slakna mykje ved det Jorunn sagde, og tykte ho hadde rett. Gjekk daa menner som var vener med dei baae millom dei og bar fram forliksbod fraa Hoskuld, og Rut tok vel imot det og sagde at han gjerne vilde verta forlikt med Hoskuld; han hadde lenge ynskt dei skulde halda frendskapen, som høvelegt var, naar berre Hoskuld vilde unna honom retten hans; han vilde og bøta Hoskuld den skaden han hadde gjort honom. Saki vart daa upp gjord millom dei, og dei livde sidan som gode frendar. Rut agta no bruke sitt og kom seg mykje upp; han lagde seg ikkje frami mykje som ikkje kom honom sjølv ved; men der han lagde seg frami, vilde han raada. Han flutte bustaden og budde sidan paa Rutsstad til han døydde. Han hadde eit hov i tune, som ein endaa ser merke etter; no kallar dei det Trollaskeid, og aalmannvegen gjeng der. Rut var gift med Unn, dotter hans Mord gigja; ho gjekk fraa honom, og av di kom det upp trættor millom Laksdølom og Fljotslidingom. Andre kona hans Rut var Torbjørg Aarmodsdotter. Endaa ein gong vart Rut gift; men me veit ikkje namne paa denna kona. 16 søner og 10 døtter hadde Rut med desse tvo konom sine. Det er sagt, at han var paa tinge ein sumar og hadde med seg 14 søner; dei var alle dugande karar, og det gjekk stort ord av dette.
20. Hoskuldsonerne. Olav Paa bur seg til Irlands-ferd.
Hoskuld sat no heime; han tok til aa eldast, og sønerne hans var no vaksne. Torleik busette seg paa Kambsnes, og Hoskuld reidde ut arven hans; han vart gift med Gjavlaug, dotter aat Arnbjørn Sleitu-Bjørnsson og Torlaug Tordsdotter fraa Hovde; det var eit gjævt gifte, og Gjavlaug var ei væn og storlaati kvinna. Torleik var ein strid kar og ikkje god aa koma til rettes med. Han og Rut vart ikkje gode vener. Baard Hoskuldson var heime og dreiv garden i lag med far sin. Døtterne hans Hoskuld er her ikkje mykje gjetne, endaa gjæve menner er komne fraa dei. Olav Hoskuldson var no og i framvokstren og var den vænaste guten nokon hev set; han budde, som fyrr sagt, paa Goddastad. Hoskuld syrgde no ikkje so godt for Melkorka som fyrr; han sagde han tykte at Olav, sonen hennar, var likso nær til det, og Olav sagde han skulde hjelpa henne alt det han kunde. Melkorka tykte at Hoskuld svivyrde henne; kom henne daa i hugen aa gjera noko som han ikkje vilde lika betre. Torbjørn skrjup hadde havt mykje umsut for Melkorka og hjelpt henne mykje med bruke. Daa han hadde vore hjaa henne ei tid, fridde han til henne; men ho var uhuga paa det. Det stod eit skip uppe ved Bordøyre i Rutafjorden; Ørn heitte styremannen, han var hirdmann hjaa kong Harald Gunhildson. Melkorka talar til Olav, son sin, daa dei raakast, og segjer at ho vil han skal fara utanlands og vitja dei gjæve frendarne sine; "for det er sant, som eg hev sagt, at Myrkjartan irarkonge er far min, og no hev du greidt for aa koma med skip fraa Bordøyre." Olav svarar: "Eg hev tala med far min um detta; men han likar det ikkje, og det som eg og fosterfar min eig er mest i jord og krøter, so han hev ikkje mykje islandske varor liggjande." Daa sagde Melkorka: "lkkje nenner eg at du skal kallast trælkvinneson lenger. Er det det um aa gjera, at du tykkjer du ikkje hev varor nok, daa vil eg helder gaa med paa aa gifta meg med Torbjørn, dersom du daa helder vil fara; for eg trur at han vil gjeva deg dei varorne du treng, dersom han fær meg. Og so kjem det attaat, at Hoskuld vil mislika alt dette, naar han fær spurt det, baade at du hev fare utor lande, og at eg hev gift meg." Olav bad mor si raada som ho vilde. Sidan rødde Olav med Torbjørn og bad um aa faa varor til laans av honom; han vilde gjera seg mykje fyre med dei. Men Torbjørn svara: "Det vil eg ikkje gjera, minder eg fær Melkorka; men daa skai du faa det, for daa er det von til at det eg eig kjem deg likso mykje ved som det du fyrr hev under hender." Olav sagde det fekk daa vera so, og dei vart daa forlikte um detta; men det skulde gjerast stilt av alt saman. Hoskuld sagde til Olav at han vilde hava honom med seg paa tinge; men Olav letst som han ikkje kunde for gardsbruke; han vilde gjera ein sauhage nedmed Laksaai, sagde han. Detta likte Hoskuld godt, at han hadde slik umsut for gardsstelle, og so reid han til tings; men paa Lambastad vart det laga til brudlaups, og Olav raadde aaleine for vilkaari. Han fekk 30 hundrad i varor uskift, og han skulde ikkje gjeva noko for dei. Baard Hoskuldson var med i brudlaupet og fekk vita um alt ihop; men daa lage var slutt, reid Olav ned aat skipe og raaka Ørn, styremannen, og tinga seg far med honom. Men fyrr Melkorka og Olav skildest, gav ho honom eit stort fingergull og sagde: "Detta gav far min meg i tanngaava, og eg vonar han vil draga kjendsel paa det, naar han fær sjaa det. Endaa gav ho honom ein kniv med belte og bad honom gjeva dei aat fostermor hennar; "eg trur ho vil kjennast ved desse," sagde ho. Og til slutt sagde ho: "Eg hev butt deg heimanfraa so godt eg kunde, og lært deg aa tala irsk, so du kann greida deg, kvar du kjem paa Irland." Dermed skildest dei. Dei fekk bør straks Olav kom um bord, og siglde straks til havs.
21. Olav Paa i Noreg. Irlands-ferdi.
No kom Hoskuld heim ifraa tinge og fekk spurt dette. Det harma honom mykje; men daa hans eigne skyldfolk hadde vore med i det, spakna han og let det
vera stilt. Olav og Ørn fekk god bør og kom til Noreg. Ørn talde Olav til aa fara til hirdi hans kong Harald; han hadde gjort stor rora paa dei som ikkje var betre mannsemne enn Olav, sagde han. Olav sagde at det vilde han gjera. Dei for daa til hirdi og vart godt mottekne der; kongen gav straks ans paa Olav, daa han kjende til frendom hans, og baud honom straks vera hjaa seg. Gunhild vyrde honom mykje, daa ho fekk visst at han var brorson aat Rut; men sume meinte ho tykte det var moro aa tala ved Olav likevel um det ikkje var for andre si skuld. Daa det leid paa vinteren, vart Olav uglad. Ørn spurde kva det var som gjorde honom hugsjuk. Olav svara: "Eg lyt fara vest yver have, og du gjorde meg ei stor tenesta, um du kunde hjelpa meg til med di no i sumar." Ørn bad honom ikkje stunda paa detta; han visste ikkje von til noko skip som skulde paa vesthavsferd, sagde han. Gunhild gjekk burtaat dei og lagde seg i tale deira. "No høyrer eg noko som eg ikkje hev høyrt fyrr," sagde ho, "at de ikkje er samde i talen, men vil kvar sin veg." Olav tok vel imot Gunhild og heldt tale uppe like fullt. Daa gjekk Ørn; men Gunhild og Olav tok daa til aa talast ved, og Olav sagde daa kvar han etla seg, og kor mykje det var honom um aa gjera, av di kong Myrkjartan var morfar hans. Daa sagde Gunhild: nEg skal hjelpa deg til denne ferdi, so du kann fara dit so stormannslegt som du sjølv vil." Olav takka henne for detta. Sidan let Gunhild reida til eit skip og bad Olav segja ifraa, kor mange menner han vilde hava med seg. Han gat paa 60 mann, og sagde endaa at det var honom mykje um aa gjera, at dei liktest meir hermenner enn kjøpmenner. Ho sagde at det skulde han faa, og Ørn vart uppnemnd til aa vera med paa ferdi. Det var velbudde folk han fekk. Kong Harald og Gunhild fylgde honom ned aat skipe, og sagde at dei hadde fyrr gjeve honom venskapen sin, no vilde dei leggja lukka si attaat; for ingen mann var komen fraa Island i deira dagar som gav betre voner. Kong Harald spurde daa kor gamall han var. "No er eg attan vintrar," segjer Olav. Daa sagde kongen: "Mykje kann ein venta seg av slike menner som deg; for enno er du ikkje langt yver barnalderen komen. Kom aat oss straks, naar du kjem att!" Dermed bad kongen og Gunhild farvel med honom; men dei steig um bord og siglde straks til havs. Dei fekk ikkje god bør um sumaren; det vart tjukk skodda og liten vind, og den som var bar imot; dreiv dei daa vidt um paa have, og dei fleste visste ikkje kvar dei for. Sistpaa letna skodda, og det vart vind; tok dei daa til segli, og umraadde seg, kvar Irland kunde vera; men dei kunde ikkje verta samde um det. Ørn var av ei onnor meining enn dei fleste; men dei sagde at han tok reint i mist, og at dei laut raada som flest var. Men daa dei spurde Olav, sagde han at dei laut raada som hadde meste vite; det toskar fann paa dugde dess mindre, dess fleire dei var. Dermed var saki avgjord, og sidan raadde Ørn for leidi. Dei siglde baade natt og dag, og hadde jamnan liten vind. Ei natt sprang vakt-mennerne upp og bad folk vakna snøgt; dei saag land so nær seg at dei mest naadde burti det med stamnen, sagde dei; men segle var uppe og vinden reint liten. Mannskape sprang straks upp og bad Ørn styra undan lande, um det var raad. Olav segjer: "Det er ugjerande, for eg ser bodar paa baae sidor, og framanfyre skoten med. Ned med segle, det foraste de vinn! naar det vert ljos dag, kann me halda raad." Dei visste ikkje kva land detta var. Dei kastar daa ankeri, og dei fester seg straks i botnen. Um natti vert det rødt mykje um kvar dei vel kunde vera; men daa det vart ljos dag, kjende dei det var Irland. Daa sagde Ørn: "Eg tenkjer me er ille farne, der me no er komne, for detta er langt fraa hamnar og dei kjøpstadom der utanlandsfolk skal hava fred, og no er me fjøra upp som hornsild, og etter dei loger som irarne hev, vil dei visst taka fraa oss alt det me hev aa fara med; for dei plar rekna det for vrak som stend mindre uppe i fjøra med bakskoten." Olav sagde det var ikkje so faarlegt; "men eg hov set det hev samla seg folk uppi lande her i dag, so irarne tykkjer visst det er noko verdt, at dette skipe er kome. Eg vart og var i dag, med det var fjøra, at her var ein os ved detta nese, og at straumen stod strid utigjenom; er ikkje skipe vaart skadt, so vil me skuva baaten vaar ut og flytja skipe dit." Det var leira under, der dei hadde lege for anker, og ikkje eit bord var skadt i skipe. Flutte dei daa skipe dit og kasta ankeri. Men daa det leid ut paa dagen, daa kom ei stor mannafjøld drivande ned til strandi. Tvo menner for i baat ut til skipe og spurde paa irsk, kven som raadde for detta skipe. Olav svara dei paa irsk, han og. Men daa irarne fekk visst at dei var nordmenner, daa kravde dei etter logi at dei skulde gaa ifraa skipe og ladningi, daa skulde dei ikkje gjera dei noko ilt, fyrr kongen fekk dømt i saki. Olav sagde at denna logi galdt berre kjøpmenner som ingen tolk hadde med seg; men eg kann segja dykk for visst, at dette er fredelege folk; men gjeva oss vil me ikkje ufreista. Daa sette irarne i her-rop og vod tit i sjøen og vilde draga skipe til lands under dei. Det var ikkje djupare enn at vatne tok uppunder henderne deira elder til belte paa dei som størst var; men der skipe flaut var ein djup poll, der dei ikkje kjende botn. Olav baud daa mennerne sine aa taka vaapni og fylkja paa heile skipe fraa stamn til stamn, og so tett at det var dekt med skjoldar heilt rundt, men under kvar skjold stakk ein spjotsodd fram. x Olav gjekk daa fram i stamnen. Han hadde brynja, og paa hovude ein gullslegjen hjelm; i belte hadde han sverd med gullnagla hjalt, og i handi eit velprydt haugteke krokspjot; framfyre seg heldt han ein raud skjold med ei gylt løva i. Daa irarne saag denna tilbunaden, vart dei fælne, og tykte ikkje veidni vart so lettfengd som dei hadde trutt. Dei drog seg attende og samla seg i eit torp, og der vart staak millom dei, for dei jtykte det var greidt aa vita, at detta var herskip, og det kunde vera von det kom mange fleire. Dei sende snøgt bod til kongen; det var ikkje vandt um, for han var paa veitsla ikkje langt derifraa. Han kom straks med ein flokk ridande dit som skipe var. Det var ikkje lenger millom lande og der skipe flaut, enn ein vel kunde høyra mannamaal imillom. Irarne hadde ofte sett paa nordmennerne med skotvaapn; men dei hadde ikkje havt mein av det. Olav stod i slik bunad som fyrr er sagt, og folk gav mykje ans paa, for ein drusteleg mann detta var, som var hovding for detta skipe. Men daa skipsfolke hans Olav saag ein stor ageleg riddar-her kom ridande mot dei, daa tagna dei; for dei tykte det vart mykje til yvermagt aa takast ved. Daa Olav høyrde dei murra noko millom seg, bad han dei vera hugheile; "for no greider det seg nok," sagde han. Irarne helsa no paa Myrkjartan, kongen sin; men dei reid nedaat skipe, og so nær at dei kunde skilja ordi til einannan. Kongen spør kven som styrde skipe.
Olav nemnde seg og spurde kven den staute riddaren var som tala med honom. "Eg heiter Myrkjartan," segjer den andre. "Er du irarkongen?" segjer Olav. Han svara daa han var det, og spurde so etter slike tidender som det er brukelegt aa spyrja etter. Olav greidde seg vel fraa alle spursmaali. Daa spør kongen kvar dei var ifraa, og kva slag menner dei var, og serleg vilde han hava greida paa ætti hans Olav; men daa han skyna han var storlaaten og ikkje vilde svara meir enn han var spurd, daa slutta han med spyrjingi for denne gongen. Daa sagde Olav: "Det skal eg gjera dykk kunnigt, at me kjem fraa Noreg, og at det er hirdmennerne aat kong Harald Gunhildson, desse som er her um bord. Men um mi ætt hev eg det aa segja dykk, herre, at far min bur paa Island, han heiter Hoskuld og er ein storætta mann; men mor-ætti mi tenkjer eg de hev set meir til enn eg, for Melkorka heiter mor mi, og det er meg sagt for visst, at ho er dotter di, konge, og det er det som hev drive meg til so lang ei ferd. Og mykje er det no um aa gjera for meg, kva svar du gjev meg paa dette." Kongen tagnar og talar med sine menner. Vituge menner spør honom um det kunde vera noko sant i det som denne mannen segjer. Kongen segjer: "Det er lett aa sjaa paa denna Olav at han er ein storætta mann, anten han no er frenden vaar elder ikkje, og so er det det, at han talar framifraa godt irsk." Deretter stod kongen upp og sagde: "No skal du faa svar, og det er det, at eg vil gjeva dykk alle grid; men um den skyldspapen du reknar med oss lyt me talast ved meir, fyrr eg kann svara deg paa det." Dei sette daa bryggjor paa land, og Olav og fylgje hans gjekk av skipe. Irarne undrast mykje paa denna mannen, som ruvde so vyrdsleg og vaapendjerv. Olav helsar paa kongen, tek av seg hjelmen og bukkar for honom. Kongen tek blidt imot honom, og dei talast ved; daa kjem Olav fram med erindi si att og talar baade langt og godt; til slutt sagde han han hadde oin gullring paa handi, som Melkorka hadde gjeve honom, daa dei skildest paa Island, og ho sagde so, at du konge hadde gjeve henne den i tanngaava." Kongen tok ringen og saag paa honom og vart fælt raud i andlite. Daa sagde han: "Sanne er desse jarteignerne; men like so paalitande er den, at du er so lik mor di, at ein kann kjenna deg paa det, og difor vil eg for visst vedgaa at du er min frende, Olav, og det kallar eg dei til vitne paa, som her er og høyrer kva eg segjer. So vil eg beda deg til mi hird med heile ditt fylgje; men kor stor æra de med di vil vinna, det vil syna seg, naar eg fær røynt deg meir og set kor mykje til mann du er." Kongen let dei daa faa ridehestar og sette folk til aa setja upp skipe deira og taka vare paa skipsreidsla og varorne deira. Kongen reid daa til Dyvlin, og folk tykte det var ei stor tidend, daa dei spurde at han hadde med seg dottersonen sin, sonen aat den dotteri som hadde vorte herteki derifraa for lang tid sidan, daa ho var 15 vintrar gamall. Men gladast ved denne tidendi vart fostermor hennar Melkorka; ho laag til sengs og var sjuk, baade av sorg og alderdom; men likevel gjekk ho no stavlaus og vilde finna Olav. Daa sagde kongen til Olav: "Her er no fostermor hennar Melkorka; ho vil høyra tidender av deg um korleis ho liver." Olav tok imot henne med baae hender og sette kjeringi paa fange sitt og sagde at fosterdotter hennar var paa Island og hadde det godt der, og so gav han henne kniven og belte, og kjeringi kjende att dei, og gret av glede og sagde at sonen hennar Melkorka var ein drusteleg kar, og det var ikkje meir enn ventande. Kjeringi var frisk og før heile den vinteren. Kongen fekk ikkje sitja mykje i ro den vinteren, for det vart jamnan herja der i vestlandom, og kongen jaga vikingar og røvarar fraa lande. Olav var paa kongsskipe med sin flokk, og dei kararne tyktest ikkje gode aa takast med for dei som imot dei var. Kongen tala daa ved Olav og fylgje-sveinom hans og tok dei med paa raad, for han fekk sjaa at Olav baade var klok og heldt seg fram der det galdt. Daa det leid mot enden av vinteren, stemnde kongen til tings, og der kom ovende mykje folk. Kongen stod upp og heldt ein tale; han tok til soleis: "Det er dykk kunnigt, at her kom ein mann i haust som er dotterson min, og av stor ætt paa farsida og. Eg mæter Olav for so mykje til mann, at maken hans ikkje finst her. No vil eg bjoda honom kongedøme etter meg, naar eg døyr; for han høver betre til yver-mann enn sønerne mine." Olav takka honom for detta tilbode; han tala snelt og med fagre ord; men han vilde ikkje lata det staa si prøva, han, korleis sønerne hans Myrkjartan vilde tola det, naar han sjølv fall ifraa. Det var betre aa hava stutt æra, sa han, enn lang skam, og han vilde fara til Noreg, so snart skip trygt kunde fara landemillom, og so vilde mor hans verta ulukkeleg, sa han, um han ikkje kom att. Kongen sagde daa han fekk raada som han vilde. Dermed vart tinge slutta. Meri daa Olav var buen til aa fara, fylgde kongen honom til skipe og gav honom eit gullnagla spjot og eit godt sverd og mykje anna gods. Olav bad um aa faa taka fostermor hennar Melkorka med seg; men kongen sagde det turvtest ikkje, og ho vart ikkje med. Olav og fylgjesmennerne hans gjekk daa um bord og skildest tråa kongen med stor venskap. Dei siglde til havs, fekk god bør, og kom til Noreg. Denne ferdi hans Olav gjekk det stort ord av. Dei sette upp skipe, fekk seg hestar og drog til kong Harald.
22. Olav Paa og Harald graafeld. Olav kjem heim att.
Olav Hoskuldson kom no til hirdi aat kong Harald, og kongen tok vel imot honom, men Gunhild mykje betre; dei bad honom mykje um aa vera der. Olav tok imot det, og baade Ørn og han vart verande ved hirdi. Kongen og Gunhild viste Olav større vyrdnad enn dei hadde vist nokon utanlands mann. Olav gav kongen og Gunhild mange sjeldsynte eigneluter, som han hadde fenge vest i Irland. Til jol gav Harald Olav ein heil skarlaksklædnad. Olav sat no i ro um vinteren; men daa det leid mot vaaren, bad han kongen um orlov til aa fara ut til Island um sumaren. "Eg hev gjæve frendar eg skulde sjaa til der," sagde han. Kongen segjer: "Eg skulde ynskja du vilde slaa deg til ro her hjaa meg; du skulde faa det slikt som du sjølv vil." Olav takka kongen for detta gode tilbode; men han vilde gjerne fara til Island likevel, sagde han, um det ikkje var kongen imot. Daa sagde kongen: "Ikkje skal detta gjera oss til uvener, Olav! Fara skal du ut til Island i sumar, for eg ser at hugen din stend mykje til det; men ikkje skal du hava noko stræv elder sut for utreidsla di; det skal eg hava ei grein med." Kong Harald let setja fram eit skip um vaaren; det var ein knarr, og var baade eit stort og godt skip. Det skipe let kongen lada med timber og let til full reide, og daa det var bue, sende han bod paa Olav og sagde: " Dette skipe skal du sjølv eiga,
Olav! Eg vil ikkje du skal sigla fraa Noreg i sumar med leigd skyss." Olav takka kongen med fagre ord for den storfelte gaava. Han budde seg no til ferdi, og daa han var buen og fekk bør, siglde han til havsr og skildest med kong Harald med stor kjærleik. Han fekk god bør um sumaren, og kom til Bordøyre i Rutafjord. Det spurdest snøgt, at det hadde kome eit skip, og kven som var styremannen. Hoskuld vart svært glad, daa han spurde at Olav, son hans, var utkomen. Han reid straks nord til Rutafjorden, og det vart eit gledelegt møte millom far og son. Hoskuld baud Olav til seg, og han tok imot bodi. Daa han hadde sett upp skipe og flutt varorne sine nordantil, reid han heim til Hoskuldstad, 12 mann sterk. Hoskuld tok blidt imot honom, og det gjorde brørne hans og alle frendarne hans og; men størst var venskapen millom honom og Baard. Olav vart namnspurd av denne ferdi; det vart no og kunnigt, at han var dotterson aat Myrkjartan irarkonge; dette vart spurt yver heile lande, og like eins kor mykje dei hadde vyrdt honom, dei hovdingarne han hadde gjesta. Han hadde og havt mykje gods med seg ut til Island. Melkorka kom straks for aa sjaa sonen sin, og Olav tok kjærleg mot henne. Ho spør etter mangt og mykje fraa Irland, fyrst og fremst um far sin og det andre frendarne sine, og Olav svarar henne paa alt. Daa spurde ho braatt, um fostermor hennar var i live. Olav segjer ho var det. Melkorka spør daa kvifor han ikkje vilde gjera henne til vilje og taka henne med seg til Island. Daa sagde Olav: "Dei vilde ikkje det, mor, at eg skulde flytja fostermor di fraa Irland." "Kanskje det," sagde ho; men ein kunde sjaa at dette var henne mykje imot. Melkorka og Torbjørn hadde fenge ein son, som vart kalla Lambe; han var stor og stork og lik far sin baade i aalit og i huglynde.
Olav var no hjaa far sin den vinteren; men daa vaaren kom, tok far og son til aa røda um kva dei no skulde gjera. "Eg vilde det, Olav," segjer Hoskuld, "at du skulde finna deg ei kona, og so taka ved bruke aat fosterfar din paa Goddastad; der er mykje aa taka vare paa, og du kunde daa driva bruke under, mi umsyn." "Lite hev eg fest hugen min til dette enno," segjer Olav; "eg veit ikkje kvar den kvinna sit, som det var stor lukka for meg aa faa. Men det er fulla di meining, at eg skulde leggja mykje vinn paa giftar-maale, og det veit eg vel, at du hev ikkje gjete dette fyrr du hadde hugs paa kven det skulde vera." "Du gissar rett," segjer Hoskuld. "Det er ein mann heiter Egil Skallagrimsson, han bur paa Borg i Borgarfjorden; han hev seg ei dotter heiter Torgjerd; denne kvinna etlar eg deg aa bedla til, for ho er det beste gifte i heile Borgarfjorden, og um det var vidare og. Og det er von du vilde veksa av di at du vart maag aat Myramennom." "Eg liter meg med di umsorg for meg i denne saki," segjer Olav, "og dette giftarmaale er etter min hug, um det kunde gaa; men du kann tenkja deg at eg vilde lika det ille, um det vart frambore og det ikkje gjekk." "Me vil daa taka den raadi aa bera denne saki fram," sogjer Hoskuld. Olav bad honom daa raada. Det leid no til tingtidi, og Hoskuld drog heimantil med mange menner; Olav, son hans, var med honom paa ferdi. Dei tjelda budi si, og det vart folksamt der. Egil Skallagrimsson var paa tinge. Alle som saag Olav tala um for ein væn og hovdingaleg mann han var. Han hadde gilde vaapn og fine klæde.
23. Olav Paa og Torgjerd Egilsdotten.
Ein dag gjekk Hoskuld og Olav fraa budi si og burtaat Egil. Egil tok vel imot dei, for han og Hoskuld hadde ofte talast ved fyrr. Hoskuld kjem fram med erendi si og bed um Torgjerd for Olav; ho var og der paa tinge. Egil tok det vel upp og sagde at han hadde spurt berre godt baade um honom og sonen hans, "og det veit eg og, Hoskuld," segjer Egil, "at du er ein ættstor og velvyrd mann, og Olav er namnspurd av ferdi si, og det er ikkje aa undrast paa, at slike menner vil koma seg fram, for det skortar honom ikkje korkje paa ætt elder vænleike; men likevel skal me no tala ved Torgjerd um dette, for det gjeng ikkje for nokon mann aa faa Torgjerd mot hennar vilje." Hoskuld sagde daa at han vilde Egil skulde tala ved henne. Egil gjekk no aat dotter si og sagde: "Det er ein mann som heiter Olav Hoskuldson; han er ar av dei gjævaste mennom no um dagen; Hoskuld, far hans, hev bedla til deg for honom. Eg hev sagt du skulde raada sjølv; vil eg no vita kva svar du gjev; men eg tykkjer det skulde vera greidt aa svara paa, for dette er eit gjævt giftarmaal." Torgjerd svara: "Eg hev høyrt dog segja at du elskar meg mest av bornom dine; men no tykkjer eg du gjer desse ordi til lygn, naar du vil gifta meg med sonen aat ei trælkvinna, um han og er væn og mykje ruvande." "Ikkje er du so vitug no som du plar vera," segjer Egil; "hev du ikkje spurt at han er dotterson aat Myrkjartan irarkonge? Han er mykje betre ætta paa morsida enn paa farsida, og endaa hadde det vore oss eit fullgodt bod, um ikkje so hadde vore." Torgjerd kunde ikkje skyna det, og det slutta med di, at dei heldt kvar paa sitt. Andre dagen gjeng Egil til budi hans Hoskuld, og Hoskuld tek vel imot honom. Dei tek til aa talast ved, og Hoskuld spør korleis det hadde gjenge med giftarmaals-saki. Egil let ille og sagde korleis det hadde gjenge. Hoskuld sagde det saag leidt ut, men tykte Egil hadde fare vel aat. Olav var ikkje med i denne samrøda. Sidan gjekk Egil, og Olav spurde no korleis det gjekk med bedlingi. Hoskuld sagde at det gjekk tungt fraa hennar sida. Daa sagde Olav: "Eg sagde deg fyreaat at eg vilde lika det ille, um eg fekk eit skjemmelegt svar. Du raadde mest, daa denne saki vart bori fram; no vil eg raada so ho ikkje skal verta spilt; det er og sant, som det er sagt, at den eine ulven et upp for den andre. Lat oss no straks gaa til budi hans Egil." Hoskuld sagde han fekk raada. Olav hadde daa paa seg skarlaksklaedi som kong Harald hadde gjeve honom; han hadde gullslegen hjelm, og i handi bar han det sverde som kong Myrkjartan hadde gjeve honom. Hoskuld og Olav gjekk daa til budi hans Egil, Hoskuld fyre og Olav straks etter. Egil tok vel imot dei, og Hoskuld sette seg ned hjaa honom; men Olav stod og saag seg um. Han saag ei kvinna sat paa pallen i budi; ho var væn og stormannsleg og fint klædd, og han tyktest vita det laut vera Torgjerd Egilsdotter. Han gjekk burt aat pallen og sette seg ned hjaa henne. Torgjerd helsar paa denne mannen og spør kven han er. Olav segjer namne sitt og farsnamne; "du tykkjer visst det er djervt gjort av trælkvinnesonen, at han torer sitja hjaa deg og etlar tala ved deg," sagde han. Torgjerd svara: "Du tenkjer fulla at du hev gjort større vaagestykke enn aa tala ved kvinnor." Sidan kom dei i tale seg imillom og talast ved heile den dagen. Inkje høyrde andre paa samtalen deira; men fyrr dei slutta vart Egil og Hoskuld henta burtaat dei. Røda um giftarmaale hans Olav vart daa uppatt-teki, og daa gav Torgjerd seg og let far sin raada; vart dei daa lett forlikte, og festarmaale vart straks gjort. Fekk daa laksdølerne æra av dette, for dei skulde føra gjenta heim, og det vart avtala, at brudlaupe skulde staa paa Hoskuldstad sju vikor etter sumarmaal. Dermed skildest dei, og Hoskuld og Olav reid heim til Hoskuldstad og var heime i ro um sumaren. Det vart laga til gjeste-bods paa Hoskuldstad, og ikkje spara, for der var nok aa taka av Brudlaupsfolke kom til den tid som avtala var. Borgfjordingarne var mykje mannsterke; Egil var med, og Torstein, son hans; bruri var og med, og utvalde folk fraa herade. Hoskuld hadde og bedt mange, so der var mange til aa taka imot dei, daa dei kom. Det var eit gasta lag, og mennerne vart utleidde med gaavor. Daa gav Olav Egil sverde Myrkjartans-gaava, og Egil vart svært blid ved den gaava. Elles er ikkje meir aa fortelja, og gjesterne for heim.
24. Fraa Goddastad til Hjardarholt. Olav og Viga-Rapp.
Olav og Torgjerd var paa Hoskuldstad og lagde god hug til einannan. Det var lett aa sjaa for alle, at det var ei grepa kvinna. Til kvardags lagde ho seg lite upp i sakerne aat andre; men var det noko ho lagde seg uppi, daa laut det fram som ho vilde. Den vinteren var Olav og Torgjerd sumtid paa Hoskuldstad og sumtid hjaa fosterfar hans; men um vaaren tok Olav ved garden paa Goddastad. Den sumaren fekk Tord godde sott og døydde; Olav let kasta upp haug etter honom paa det nese som gjeng ut i Laksaai og heiter Dravnarnes. Sidan søkte folk mykje til Olav, og han vart ein stor hovding. Hoskuld misunnte honom ikkje dette, for han vilde jamnan at dei skulde spyrja Olav i alle storsaker. Det var ein av dei største gardom i Laksaadalen som Olav aatte. Det var tvo brør hjaa Olav, som heitte Aan baae; den eine vart kalla Aan den kvite, den andre Aan svarte. Beine den sterke heitte ein tridje mann. Dei var sveinarne hans Olav og stridføre menner alle. Torgjerd og Olav fekk ei dotter, som vart kalla Turid. Dei jorderne som Kapp hadde aatt laag i øyde, som fyrr er sagt. Olav tykte dei laag godt til, og ein gong tala han ved far sin, at dei skulde senda bod til Trevil, at Olav vilde kjøpa av honom jorderne paa Rappstad og alle dei eignerne som høyrde attaat. Det var ingen vande med di, og dette kjøpe vart gjort, for Trevil tykte at ei kraaka i handi var betre enn tvo i skogen. Olav skulde gjeva 3 merker sylv for jorderne, og det var ikkje braatt so mykje som dei var verd; for det var vide og fagre jorder, og det fylgde mangt med som gav mykje av seg: stort laksefiskje og veidefang av sel, og store skogar. Kit stykke ovanfor Hoskuldstad nordan Laksaai var det hogge ein rudning i skogen, og der var godt for beite, so der flokka fee hans Olav seg saman um vinteren, anten vere var godt elder vondt. Ein haust let Olav reisa ein gard i dette same holte, mesteparten av timber som vart hogge der i skogen, men sumt av reka-timber. Det var ein røseleg gard. Husi stod aude um vinteren; men um vaaren etter flutte Olav dit. Fyrst samla han fee sitt, og det var mykje, for han hadde daa vorte den rikaste mannen paa krøter i Breidafjorden. Olav sende no bod aat far sin, at han skulde staa ute og sjaa ferdi hans, naar han flutte aat den nye garden, og lata gode ord fylgja honom.
Hoskuld sagde han vilde gjera det. Olav skipar no ferdi. Dei skjerraste sauerne let han dei jaga fyrst, næstetter dei for bufee, so gjeldnauti, men sist klyv-hestarne. Det vart sett menner til aa passa paa, at dei ikkje skulde slaa krok uturn vegen. Daa Olav reid utor garden paa Goddastad, daa var dei fremste i ferdi komne til den nye garden, og det var ikkje op imillom nokon stad. Hoskuld stod ute med heimemennom sine; han sagde at Olav, son hans, skulde vera velkomen der, og at lukka maatte fylgja honom paa denne nye bustaden; "det sviv meg," sagde han, "at det vil gaa so, at lenge vil namne hans haldast uppe." Jorunn husfrøya segjer: "Denne trælkvinnesonen hev rikdom nok til det, at namne hans skal haldast uppe." Med det same huskararne hadde teke klyvjarne av hestom, reid Olav inn paa garden. Daa segjer han: "No skal folk faa visst det som jamnan hev vore spurt etter i vinter, kva denne garden skal heita. Han skal heita Hjardarholt. Dette tykte folk høvde godt, etter det dei no hadde set. Olav sette no bu i Hjardarholt, og det som stort var; der skorta ikkje paa noko. Gjetorde hans voks mykje i denne tidi, av mange grunnar: han var framifraa vensæl, for naar han tok paa seg ei sak for nokon, so greidde han henne so, at alle var nøgde; far hans hjelpte honom og mykje til vyrdnad, og maag-skapen med Myramennom var honom til stor hjelp. Olav gjekk for aa vera den gjævaste av sønom hans Hoskuld.
Den fyrste vinteren Olav budde i Hjardarholt hadde han mange tenestefolk og arbeidsfolk. Arbeide vart skift millom huskarom; ein gjætte gjeldnauti, ein annan kyrne. Fjose var burti skogen, eit stykke fraa garden. Ein kveld kom den mannen som gjætte gjeldnauti heim aat Olav og bad honom faa ein annan til aa gjæta dei og gjeva honom anna arbeid. "Eg vil du skal halda deg til det same arbeide som du hev havt," segjer Olav. Han sagde at han vilde helder strjuka sin kos. "Daa tykkjer du sagte det er vandt arbeid," sagde Olav; "no skal eg gjeva meg med deg i kveld, naar du skal binda inn nauti, og ser eg noko som orsakar deg, daa skal eg ikkje segja noko um det; men elles skal du ikkje sleppa skadelaus fraa dette." Olav tek det gullslegne spjote Kongsgaava i handi og gjeng heimantil, og huskaren med honom. Det var noko snø paa marki. Dei kjem til fjose, og det stod ope. Olav sagde til huskaren at han skulde gaa inn; "eg skal driva nauti inn aat deg," sagde han, "og so skal du binda dei." Huskaren gjeng aat fjosdøri; men Olav veit ikkje orde av, fyrr han kjem farande like i fange paa honom. Olav spør kvifor han for soleis. Han segjer: "Rapp stend i fjosdøri og trivla etter meg; men eg hev fenge nok av aa fangtakast med honom." Olav gjekk daa aat døri og stakk til honom med spjote, Rapp tek med baae hendom um spjotfalen og snarar spjote utor, so skafte brotnar med det same. Olav vil daa gyva paa Rapp; men daa for han ned der han var uppkomen, og soleis skildest dei, Olav med skafte og Rapp med spjote. Olav og huskaren batt daa nauti og gjekk so heim. Olav sagde no til huskaren at han skulde ikkje gjera honom noko for det han hadde sagt denne gongen. Um morgonen etter frir Olav heimanfraa til den staden der like hans Rapp hadde vorte kasta i røys, og let dei grava der. Rapp hadde enno ikkje rotna det slag. Der finn Olav spjote sitt. Sidan læt han gjera upp eit baal, og Rapp vert brend paa baale og oska hans kasta i sjøen. Heretter hadde ingen mann mein av attergonga hans Rapp.
25. Hoskuldsønerne. Rut og Torleik.
No er aa fortelja um sønerne hans Hoskuld. Torleik Hoskuldson var hjaa store hovdingar, med han for paa kjøpferder, fyrr han sette bu, og tyktest ein merkeleg mann; han hadde og vore i viking, og røynde seg der som ein framifraa kar. Baard Hoskuldson hadde og vore farmann og var velvyrd, kvar han kom, for han var ein god kar og hovsam i alt. Baard vart gift med ei kvinna fraa Breidafjorden; ho heitte Aastrid og var av god ætt. Baard hadde ein son heitte Torarin, og ei dotter heitte Gudny; ho vart gift med Hall, son hans Viga-Styr, og fraa dei er ei stor ættargrein komi.
Rut Herjolvson gav fri ein av trælom sine som heitte Rolv, og gav honom attaat noko gods og bustad ved landmerke millom honom og Hoskuld. Merki deira laag so naere einannan, at Rytlingarne hadde misteke seg og sett lausingen paa eigni hans Hoskuld, der han snart lagde seg mykje til beste. Hoskuld tykte ille um dette, at han hadde sett lausingen paa hans grunn, og baud lausingen betala honom avgift for jordi som han budde paa; "for det er mi eign," sagde han. Lausingen fer til Rut og segjer honom det Hoskuld hadde sagt. Rut sagde han skulde ikkje bry seg um det og ikkje betala noko; "Hoskuld veit ikkje kven som eig denne grunnen," sagde han. Lausingen fer no heim og vert sitjande paa bustaden sin nett som fyrr. Lite etter fer Torleik Hoskuldson, etter samraad med far sin, med nokre mann til garden aat lausingen; honom tek dei og drep, og Torleik lagde aat seg og far sin alt det godse som lausingen hadde tent upp. Dette fekk Rut spurt, og dei likte det ille baade han og sønerne hans; mange av dei var vaksne, og den frendebolken tyktest ikkje god aa taka paa. Rut vilde freista korleis det var aa bruka logi i denne saki; men daa saki vart granska av logkunnig mann, daa gjekk det Rytlingom imot; dei som hadde med det saag mykje paa det, at Rut hadde sett ned lausingen paa jordi hans Hoskuld utan lov, og der hadde han tent seg upp godse, og Torleik hadde drepe honom paa eigni deira eigi. Rut var ille nøgd med den retten han fekk. Deretter let Torleik byggja ein gard ved landmerke millom Hoskuld og Rut; han heiter Kambsnes, og der budde Torleik ei tid, som fyrr er sagt. Torleik fekk ein son med kona si; han vart aust med vatn og fekk namne Bolle; han vart tidleg overlag vaen.
26. Farsarven hans Olav Paa. Hoskuld døyr.
Hoskuld Dalakollsson fekk sott i sin alderdom; han sende bod paa sønerne sine og andre frendar og vener, og daa dei kom, sagde han til Baard og Torleik: "Eg hev vorte noko tuskjen, og eg hev aldri vore sjuk fyrr. Den tridje sonen min er ikkje arvboren; no vil eg beda dykk brør, at Olav skal faa vera med paa arven og faa tridjedeildi med dykk." Baard svara fyrst og sagde at han vilde gjera med dette som far hans vilde; "for eg ventar meg æra av Olav i alle maatar, og det dess meir, dess rikare han er." Daa sagde Torleik: "Det er langt fraa min vilje, at Olav skal faa arv med oss; han hev gods nok fyrr, og du far hev gjeve honom mykje fyremun for oss andre og lenge bytt ulikt millom oss. Eg vil ikkje godviljug gjeva upp det som eg er fødd og boren til. Hoskuld segjer: "De vil ikkje rana meg retten til aa gjeva sonen min 12 øyrar, so storætta paa morsida som Olav er." Torleik segjer ja til det. Daa let Hoskuld taka gullringen Haakonsgaava ? han vog ei mork ? og sverde Kongsgaava, som kom paa 1/2 mork gull; dei gav han Olav, son sin, og let lukka aat seg og ætti si fylgja med; men ikkje for det, sagde han, at han ikkje visste ho hadde fylgt honom fyrr. Olav tok imot gaavorne og sagde han fekk lata det staa si prøva, korleis Torleik likte det. Torleik let ille um det og tykte Hoskuld hadde havt noko anna under med det han hadde sagt. Olav segjer: "Eg vil ikkje sleppa desse eigneluterne fraa meg, Torleik, for eg hev vitne paa at du hev samtykt i ei slik gaava. Eg vil lata det staa til um eg skal faa hava det." Baard samtykte i det far hans hadde gjort. Etter dette døydde Hoskuld. Det tyktest stor skade, fyrst og fremst for sønom hans og for alle frendom hans og dei som var i maagskap med dei, og venom hans. Sønerne hans let kasta ein røsleg haug yver honom; men det vart berre bore lite gods inn i haugen med honom. Daa dette var fraa seg gjort, tok brørne til aa tala paa arveøl etter far sin, som sed var i den tid. Daa sagde Olav: "Skal dette lage verta so vyrdelegt so me kann hava æra av det, so trur eg ikkje me kann taka til med det so snøgt. Det lid no langt ut paa hausten, og det er ikkje lett aa faa det som skal til. Og for dei fleste som hev langt aa fara vil det vera vondt aa koma fram so seint paa hausten, so det er viss von, at mange ikkje vilde koma av dei me helst vilde. No vil eg bjoda meg til aa beda folk til dette lage paa tinge til sumars, og eg vil vera med og kosta tridje-deildi." Dette gjeng dei andre med paa, og Olav fer no heim. Torleik og Baard skifter godse millom seg, fekk Baard farsgarden, for det raadde dei Heste til, av di han var meir vensæl, og Torleik fekk meir lausøyre. Millom Olav og Baard var god brorskap, men millom Olav og Torleik var det ikkje vidare godt. So lid vinteren, og sumaren kjem, og det lid til tings. Hoskuldsønerne bur seg no til aa fara til tings; det var lett aa sjaa, at Olav var den fyrste av dei brørom. Daa dei kjem til tinge, tjeldar dei budi si og pryder henne baade fint og vel.
27. Arveøle etter Hoskuld.
Ein dag, daa folk giekk til Logberge, stod Olav upp og bad seg ljod. Han tala fyrst um at far hans var fallen fraa, "og," segjer han, "her er no mange menner, frendarne og venerne hans; no er det viljen aat brørom mine, at eg skal beda til arveøl etter Hoskuld, far vaar, alle dykk godordsmenner; for dei fleste av skyldfolkom hans var av dei gildaste mennom. Det skal eg og lysa til, at ingen av stormennom skal fara gaavelaus fraa lage. So vil me og beda bønder og kven som koma vil, baade rike og ringe, at dei maa koma til Hoskuldstad til eit fjortandags lag, 10 vikor fyre vinternæterne." Daa Olav slutta talen sin, fekk han sterke fagnadrop, og folk tykte det var ei storkarsleg bod; men daa han kom heim til budi og sagde aat brørom sine kva han hadde etla, daa let dei ikkje vel og tykte han hadde teke for stort i. Etter tinge reid brørne heim. Sumaren leid, og det vart gjort tilstellingar til lage med det beste av alle slag; Olav gav sin tridjung, og den var velmælt, og det var kosta mykje paa til dette lage; for det var etla paa mange. Og daa tidi kom, møtte dei fram dei fleste gjæve menner som hadde lova aa koma; det var so fjølment, at dei fleste segjer det var fulle 9 hundrad. Dette var det næst største lage som hev vore paa Island; det største var det arveøle som Hjaltesønerne gjorde etter far sin; der var 12 hundrad. Det vart eit overlag gildt lag; og alle brørne fekk stor æra av det; men Olav var den som stod mest fyre. Han hjelpte og brørne sine med gaavom; alle stormennerne fekk gaavor. Daa dei fleste var farne, gjekk Olav aat Torleik, bror sin, og sagde: "Du veit, frende, at det ikkje alt hev vore so godt millom oss; no vilde eg telja til at me skulde halda frendskapen vaar betre. Eg veit du mislikar at eg tok dei eigneluterne som far min gav meg paa sin døyande dag; tykkjer du no du hev lide urett ved dette, daa vil eg freista aa gjera deg nøgd att og bjoda deg aa fostra sonen din; for den vert stødt rekna for mindre mann, som fostrar barn aat ein annan." Torleik tok honom detta vel upp, og sagde, som sant var, at dette var ærefullt bode. Olav tok daa Bolle, son hans Torleik, aat seg; han var daa 3 vintrar gamall, Dei skildest no med største kjærleike, og Bolle for med
Olav heim til Hjardarholt. Torgjerd tok vel imot honom; vart Bolle uppfødd der, og Olav og Torgjerd heldt ikkje mindre av honom enn av bornom sine eigne.
28. Borni hans Olav Paa.
Olav og Torgjerd fekk ein son; han vart aust med vatn og vart kalla Kjartan, etter Myrkjartan, morfar sin. Bolle og Kjartan var mest jamgamle. Dei hadde og fleire horn; sønerne deira heitte Steintor, Haldor, Helge og Hoskuld; han var den yngste. Dotterne deira var Turid, som fyrr er nemnd, og Bergtora og Torbjørg. Alle borni deira gav gode voner i uppvokstren. I den tidi budde Holmganga-Berse i Saurbø paa garden Tunga; han kom aat Olav og baud honom at han vilde taka Haldor, son hans, til fostrings. Det tok Olav ved, og Haldor for heim med honom; han var daa aarsgamall. Den sumaren fekk Berse sott og laag lenge um sumaren. Det er fortalt, at ein dag, daa folk i Tunga var ute paa høyonni, var dei tvo, Haldor og Berse, inne, og Haldor laag i vogga; daa valt vogga, og guten fall paa golve, og Børse kunde ikkje koma og hjelpa honom. Daa kvad Berse dette:
Ligg me bane hjelpelause,
Haldor og eg, kjem ingen veg.
Eg er for gamall og du for ung;
det batnar med deg,
men ikkje med meg.
So kom det folk og tok Haldor upp ifraa golve; men Berse batna. Haldor vart uppfødd der og vart ein stor og staut kar.
Kjartan Olavson voks upp heime i Hjardarholt; han vart den vænaste mannen som er vorten fødd paa Island. Han hadde stort, fagert andlit og framifraa væne augo og ljos hamlit; stort haar hadde han, det var fagert som silke og fall i lokkar. Han var stor og sterk som Egil, morfar sin, elder Torolv. Han var betre vaksen enn nokon annan, so alle som saag honom laut undra seg. Han var og meir vaapenfør enn dei fleste andre, godt hendt og den beste til aa symja. I alle itrottar var han langt framum alle andre. Men endaa var han meir smaalaaten og vensæl enn nokon annan, so kvart barn heldt av honom; han var godlynd og gjevmild. Olav heldt mest av Kjartan av alle bornom sine. Bolle, fostbror hans, var stor paa vokster; han kom Kjartan næst i alle itrottar og tiltak; sterk var han og væn, høvisk og ein god hermann, og vilde gjerne halda seg staseleg. Fostbrørne heldt mykje av einannan. Olav sat no i nokre aar heime paa garden sin.
29. Olav Paa fer til Noreg. Geirmund gny.
Ein vaar sagde Olav aat Torgjerd at han etla seg utanlands; "so lyt du passa garden og borni," sagde han. Torgjerd likte ikkje dette; men Olav sagde han vilde raada. Han kjøpte eit skip som stod vest i Vadil. Han for heimantil um sumaren og kom til Hordaland. Straks upp i landet der budde det ein mann som heitte Geirmund gny, ein megtug og rik mann og ein stor viking. Han var ikkje god koma til rettes med; men no hadde han sett seg i ro og var hirdmann hjaa Haakon den megtuge. Geirmund kom ned til skipe og kjendest straks ved Olav, for han hadde høyrt gjete honom. Han baud Olav til seg med so mange menner som han vilde. Det tok Olav imot og tok upphald hjaa honom med 5 menner; men skipsfolke hans fekk upphald paa ymse stader umkring der paa Hordaland. Geirmund stelte vel med Olav; det var ein raseleg gard og mykje folk og stor moro um vinteren. Men daa vinteren leid til ende, gav Olav Geirmund greida paa erendi si, at han vilde faa seg hustimber, og sagde at det var honom mykje um aa gjera, at timbere var godt. Geirmund segjer: "Haakon jarl hev den beste skogen, og det veit eg visst, at kjem du til honom, daa vil det staa deg fritt for aa taka timber der; for jarlen tek vel imot dei som ikkje er so mykje til menner som du, Olav, naar dei gjestar honom." Um vaaren drog Olav til Haakon jarl, og jarlen tok overlag vel imot honom og baud Olav vera hjaa seg so lenge han vilde. Olav sagde daa aat jarlen kva ferdi hans galdt: "vil eg beda dykk um det, herre, at de læt oss faa hogga hustimber i skogen dykkar." Jarlen segjer: "Det skal det ikkje verta spara paa. Du kann fritt faa lada skipe ditt med det timbere som me vil gjeva deg; for me hev den trui, at me ikkje vert gjesta kvar dag av slike menner fraa Island." Ved skilnaden gav jarlen honom ei gullslegi øks som var ein kosteleg eignelut, og dei skildest med stor venskap. Geirmund skipar løynleg jorderne sine; han etlar seg til aa fara ut til Island um sumaren med skipe hans Olav; men dette held han løynt for alle, og Olav visste ikkje um det, fyrr Geirmund flutte godse sitt ut paa skipe hans. Det var store rikdomar. Olav sagde: "Ikkje skulde du fara paa skipe mitt, um eg hadde fenge visst det fyrr, for eg trur det finst dei paa Island som det var til større gagn at dei aldri fekk sjaa deg; men no, daa du er komen her med so mykje gods, nenner eg ikkje jaga deg att som ein buhund." Geirmund segjer: "Ikkje skal eg verta attsett, um du og er noko stor i ordom; for eg etlar aa faa far med deg." Dei gjekk daa um bord og siglde til havs, fekk god bør og kom inn Breidafjorden. Dei sette bryggjor til lands i Laksaaosen, og Olav lét bera timbere paa land og sette skipe upp i det skure som far hans hadde bygt. Han baud Geirmund til seg. Den sumaren lét Olav byggja eit eldhus i Hjardarholt, større og betre enn noko folk hadde set; der var rita bilæte av namngjetne sogor paa bordveggen og i røyste, og det var so godt gjort, at det tyktest mykje staslegare naar ikkje tjeldi var uppe. Geirmund heldt seg til kvardags mesta for seg sjølv, og var leid og tver mot dei fleste. Han gjekk jamnan i raud skarlakskjole, med ei graa kappa utanpaa, og bjørnskinnshuva paa hovude og i handi eit sverd, eit stort vaapn som det ikkje fanst sylv paa; men blade var kvast og breidt, og det beid ikkje rust paa det. Dette sverde kalla han Fotbit, og lét det aldri gaa seg utor handi. Geirmund hadde ikkje vore der lenge fyrr han lagde hug til Turid, dotter hans Olav, og han bad Olav um aa faa henne; men han gav honom nei. Daa gav Geirmund Torgjerd gaavor for aa naa giftar-maale, og ho tok imot dei; for det var ikkje smaatt. Torgjerd tok daa til aa tala med Olav um dette, og sagde honom si meining, at dotter deira kunde ikkje verta betre gift, for han var baade ei stor kjempa og rik og storlaaten. Daa segjer Olav: "lkkje skal eg gjera deg meir imot i dette enn i anna, um eg og kunde vera meir huga paa aa gjeva Turid ein annan mann." Torgjerd tykte no ho hadde gjort det godt, og gjekk til Geirmund og sagde honom korleis det hadde gjenge. Han takka henne for dei gode ordi ho hadde lagt for honom, og for di ho hadde fare so karsleg aat. Geirmund tek no uppatt bedlingi si hjaa Olav, og no gjekk det lett. Han fester no Turid; brudlaupe skulde staa i Hjardarholt sist paa vinteren. Det vart eit framifraa stort lag; for daa var eldhuse ferdigt. Der var og Ulv Uggeson; han hadde gjort eit kvæde um Olav Hoskuldson og um dei sogorne som var skildra i eldhuse, og sagde det fram i lage. Dette kvæde er kalla Husdraapa og er godt gjort. Olav lønte honom vel for det; han gav og store gaavor aat alle dei stormennom som var med i lage. Olav tyktest hava vokse av dette lage.
30. Geirmund gny og Turid. Fotbit.
Det gjekk ikkje godt med samlive millom Geirmund og Turid; det var gale paa baae sidor. Tri vintrar var Geirmund hjaa Olav; daa fekk han hug til aa fara burt, og sagde at Turid skulde vera att, og Groa, dotter deira, som daa var aarsgamall; men det han aatte vilde han hava med seg. Dette tykte Torgjerd og Turid ille um og sagde det til Olav; men han sagde: "Kva er no paa ferd, Torgjerd? Er ikkje austmannen so gild no som den hausten han bad um aa verta maagen din?" Dei kom ingen veg med Olav, for han var i alle maatar ein fredeleg mann, og han sagde og at vesle-gjenta skulde vera att, til ho hadde lært noko, og ved skilnaden gav Olav Geirmund knarren sin. Han takka og sagde at det var stormannsleg gjort. Daa han var
buen, siglde han ut fraa Laksaaosen med ein lett nordaust; men daa dei kom ut aat øyom, lagde vere seg, og han vart liggjande ute ved Øksnøy ein halv maanad og kunde ikkje koma av stad. I denne tidi tor Olav heimantil; han skulde sjaa etter rake sitt. Daa kalla Turid, dotter hans, nokre huskarar til seg og baud dei fara med seg. Ho tok og med seg veslegjenta; dei var 10 ihop. Dei sette ut ei ferja som høyrde Olav til, og Turid baud dei ro elder sigla utetter Kvams-fjorden, og daa dei kom ut aat øyom, baud ho dei skuva baaten som laag i ferja ut paa vatne. Turid steig i baaten, og tvo menner; men dei andre baud ho passa ferja, til ho kom att. Ho tok gjenta paa fange sitt og baud dei ro yver straumen, til dei naadde skipe. Ho tok ein navar fraa ferja og gav honom aat ein av dei som fylgde henne, og baud honom at han skulde gaa um bord i knarrbaaten og bora hol i honom, so han vart ubrukande, um dei vilde taka til honom i snøggvendingi. So lét ho seg setja i land. Det var i solrenningi; ho hadde gjenta i armom sine og gjekk ut etter bryggja; alle mann sov. Ho gjekk aat skinn-sengi der Geirmund sov; sveide Fotbit hekk tett frammed. Turid sette no gjenta i sengi, greip Fotbit og tok med seg og gjekk fraa skipe og burt aat fylgje-sveinom sine. No tek gjenta til aa graata; av di vaknar Geirmund eg set seg upp; han kjenner barne og tykkjest vita kvar dette var kome fraa. Han sprett upp og vil taka sverde, men finn det ikkje; han gjeng daa burt aat skipsborde og ser at dei ror ifraa skipe. Geirmund ropar paa mennerne sine og byd dei springa i baaten og ro etter dei. Dei gjerer so, men er ikkje langt komne, fyrr dei ser svarte sjoen stend inn i baaten: snur dei daa til skipe att. Daa ropar Geirmund paa Turid og bed henne koma att og gjeva honom sverde Fotbit; "men tak gjenta di," segjer han, "og før med deg herifraa med henne so mykje gods som du vil." Turid segjer: "Tykkjest det deg betre enn aa missa sverde?" Geirmund svara: "Mykje gods skal det til, fyrr eg held det for betre aa missa sverde." Ho sagde: "Daa skal du aldri faa det; du hev fare aat som ein laak kar mot oss; no skal me skiljast." Daa sagde Geirmund: "Ikkje vert det til di lukka, at du tek med deg sverde." Ho sagde det fekk vaaga seg. "Daa skal desse ordi fylgja det," segjer Geirmund, "at dette sverde skal verta til bane for den mannen i dykkar aett som det tykkjest dykk størst skade aa missa, og som det vil gaa dykk mest nær at slikt skulde raaka." Etter dette fer Turid heim til Hjardarholt. Olav var daa og heimkomen, og var ille nøgd med det ho hadde gjort, men gjorde ikkje meir med det. Turid gav Bolle, frenden sin, sverde Fotbit, for ho heldt likso mykje av honom som av brørom sine; bar Bolle dette sverde lenge. Geirmund fekk god bør og siglde til havs, og kom til Noreg um hausten. Men ei natt siglde dei paa ein baae utanfyre Stad, og Geirmund sette live til, og alt mannskape hans, og dermed er ikkje meir um Geirmund aa fortelja.
31. Døtterne hans Olav Paa. Harre.
Olav Hoskuldson sat paa garden sin i stor vyrdnad, som fyrr er sagt. Gudmund Solmundson heitte ein mann; han budde paa Aasbjarnarnes i Videdal; han var ein rik mann. Han bad um Turid, og fekk henne, og mykje gods attaat. Turid var ei klok, storfelt kvinna og ei grepa menneskja. Dei fekk sønerne Hall, Barde, Stein og Steingrim; døtterne deira heitte Gudrun og Olov. Torbjørg, dotter hans Olav, var ei væn kvinna og sterk vaksi; ho vart kalla Torbjørg digre. Ho vart gift vest i Vatnsfjorden med Aasgeir Svartson, ein gjæv mann; son deira var Kjartan, far aat Tord, far aat Snorre, far aat Torvald; fraa dei er Vatnsfjordings-ætti komi. Sidan vart Torbjørg gift med Vermund Torgrimson; dotter deira var Torfinna, som vart gift med Torstein Kuggeson. Bergtora Olavsdotter vart gift vest i Djupafjorden med Torhall gode; son deira var Kjartan, far aat Smed-Sturla; han var fosterson aat Tord Gilsson.
Olav Paa hadde mange gilde krøter. Han hadde ein god ukse, heitte Harre, apalgraa av lit og større enn andre naut. Han hadde 4 horn; tvo var store og stod fagert, og dei tri stod ende upp i vere; men det fjorde stod fram or skallen og nedfor augom hans; det var isvekkjaren hans. Han krafsa som ein hest. Ein hard vinter, daa mykje krøter rauk med, gjekk han fraa Hjardarholt og dit som no heiter Harrastad i Breidafjorddalen; der gjekk han um vinteren med 16 naut og heldt dei alle med gras; um vaaren gjekk han heim i den hagen som heiter Harrabol paa Hjardar-holtseiga. Daa Harre var 18 vintrar gamall, datt isvekkjaren av hovude hans, og same hausten lét Olav slagta honom. Notti etter drøymde Olav at ei kjering kom aat honom, stor og sint. "Er du svevntung?" sagde ho. Han sagde han var vaken. "Nei, du søv," sagde kjeringi; "men det som eg segjer skal gaa for seg likevel. Sonen min hev du late drepa og koma hjelpelaus aat meg, og difor skal eg laga det so, at du skal faa sjaa din son blodut all igjenom, og til det skal eg velja den av dei som eg veit du held minst fal." Dermed kvarv ho burt. Olav vakna og tyktest sjaa ein svip av kjeringi. Han tykte draumen var merkeleg, og fortalde honom aat venom sine; men dei gav ingi tyding paa honom som han likte. Han tykte dei tala best som sagde at det var berre noko draume-vas som hadde kome honom fyre.
32. Usviv Helgeson og borni hans. Hols-folke.
Usviv Helgeson heitte ein mann. Far hans var son nat Ottar, son aat Bjørn den austrøne, son nat Kjetil flatnev, son aat Bjørn buna. Mor hans Usviv heitte Nidbjørg; hennar mor var Kadlin, dotter aat Ganga-Rolv, son hans Ukse-Tore; han var ein namngjeten herse aust i Viki, og vart kalla so av di han aatte 3 øyar og 80 uksar paa kvar. Han gav den eine øyi og uksarne aat kong Harald, og denne gaava gjekk det stort ord av. Usviv var ein overlag klok mann; han budde paa Laugar i Sælingsdalen; den garden stend sunnanfor Sudiugsdalsaai tvert for Tunga. Kona hans heitte Tordis, dotter aat Tjodolv laage. Dei hadde 5 søner: Uspak, Helge, Vandraad, Torraad og Torolv; dei var alle stridføre menner. Gudrun heitte dotter deira; ho var den fyrste av alle kvinnor som voks upp paa Island baade i vænleike og vit. Gudrun var so fin og høvisk, so det saag ut som barneverk alt det andre kvinnor hadde av stas, mot det ho hadde. Ho var klokare enn alle andre kvinnor og tala godt for seg; gjevmild var ho og. Usviv hadde i kost hjaa seg ei kona som heitte Torhalla; dei kalla henne den svall-uge, ho var noko skyld Usviv. Ho hadde tvo søner, Odd og Stein; dei var dugande menner og var til stor hjelp tor Usviv med gardsbruke. I Tunga budde ein mann heitte Torarin, son aat Tore sæling. Han var ein god bonde, stor og sterk; han hadde gode jorder, men mindre lausøyre. Usviv vilde kjøpa av honom jorderne; for han hadde lite land, men mykje krøter. Det vart til det at Usviv kjøpte av Torarin alt lande fraa Gnupaskard og etter dalen paa baae sidor til Stakkagil. Det er godt land, som gjev mykje av seg; han for jamnan til sæters der. Han hadde mange tenestefolk og stort hushald.
Vest i Saurbø er ein gard heiter Hol; der budde tri maagar. Torkjel kvelp og Knut var brør og ættstore menner; maagen deira, Tord, budde i lag med dei; han vart nemnd etter mor si; dei kalla honom Ingunnson; far hans var Glum Geirason. Tord var ein væn og spræk kar, mykje for seg og ein svær sakførar. Tord var gift med Aud, syster aat Torkjel og Knut. Ho var korkje væn elder ferm; Tord brydde seg lite um henne; han hadde traatt etter godse, for der var stor rikdom samla. Det gjekk godt med hushalde deira sidan Tord kom med dei.
33. Gjest Odleivson tyder draumarne hennar Gudrun Usvivsdotter.
Gjest Odleivson budde paa Hage vest paa Barda-strandi; han var ein stor hovding, vis og framsynt paa mange ting; han var til vens med alle dei større menner, og mange søkte raad hjaa honom. Han reid kvar sumar til tings og tok daa jamnan inn paa Hol. Ein gong bar det so til, at Gjest reid til tings og var paa Hol mn natti. Um morgonen gjorde han seg tidleg buen, for han hadde lang veg; han etla seg til Tykkva-skog til Aarmod, maagen sin, til kvelds. Han var gift med Torunn, syster hans Gjest, og dei hadde tvo søner, Ørnolv og Halldor. Gjest rid no vestantil Saurhø um dagen, og kjem til Laugar i Hælingsdalen og kviler paa der ei stund. Gudrun kom til Laugar og tek vel imot Gjest, frenden sin. Han var vensleg mot henne, og dei tok til aa talast ved; dei var baae kloke og hadde godt for aa tala. Men daa det leid paa dagen, sagde Gudrun: "Det vilde eg, frende, at du skulde rida til oss i kveld med heile ditt fylgje; det vil far min og, endaa han unner meg den æra aa bera dette bode fram, og det med, at du skal taka inn her kvar gong du rid vest elder vestan." Gjest takka og sagde det var eit grepa bod, men han laut rida lenger likevel no, som han hadde etla seg til. Daa sagde Gudrun: "Eg hev dromt mykje i vinter, og det er 4 draumar som hev gjeve meg mykje aa tenkja paa; men ingen mann hev gjeve dei slik tyding som eg likar; men likevel bed eg ikkje um at dei skal verta tydde som eg vil." Daa sagde Gjest: "Seg du meg draumarne dine! Kanskje me kann gjera noko utav dei." Gudrun sagde: "Eg tyktest eg stod ute ved ein løk og hadde krokfald paa hovude, og eg tykte han høvde meg ille, og eg fekk hug til aa brøyta paa honom; men mange talde meg fraa aa gjera det. Men eg lydde ikkje etter det; eg reiv falden av hovude mitt og kasta honom ut i løken, og lenger var ikkje denne draumen. Men den andre draumen tok til so, at eg tykte eg stod ved eit vatn, og det var kome ein sylvring paa handi mi, og eg tykte at han var min, og at han høvde meg framifraa godt. Eg tykte det var ein stor skatt, og etla aa hava honom lenge; men daa eg minst venta det, rann ringen av handi mi og ut i vatne, og eg saag honom aldri meir. Eg tykte dette var mykje større skade enn eg vilde rekna det for, um eg hadde mist den dyraste eigneluten. Og so vakna eg." Gjest sagde herre: "Denne draumen er ikkje mindre." "So var det den tridje draumen," sagde Gudrun. "Eg tykte at eg aatte ein gullring, og at eg hadde fenge skaden min hett. Det kom meg i hugen, at eg skulde faa njota denne ringen lenger enn den fyrre; men eg tykte ikkje han høvde meg so mykje betre som gull er dyrare enn sylv. Men so tykte eg eg datt og vilde taka for meg med handi; daa raaka gullringen ein stein og spratt sund i tvo stykke, og eg tykte det kom blod utor stykk i. Det tyktest meg meir harm enn skade; for det kom meg for, at det hadde vore ein brest paa ringen, og daa eg saag etter paa stykki, daa tyktest eg sjaa fleire brester paa dei; men eg tykte likevel han kunde hava vore heil, um eg hadde passa betre paa honom. Lenger var ikkje denne draumen." "Dei gjeng ikkje vel, dei tri draumarne dine," sagde Gjest. Gudrun tok til att: "Den fjorde draumen min var slik, at eg tyktest hava ein gullhjelm paa hovude med mange glimesteinar i, og den skatten tykte eg eg aatte. Men det var det i vegen med honom, at han tyktest meg vel tung, so eg snaudt orka aa bera honom, og laut halda hovude paa skakke; men eg lasta ikkje hjelmen for det, og eg vilde ikkje skilja meg ved honom. Men likevel datt han av hovude mitt og ut i Kvamsfjorden. Dermed vakna eg. Og no hev eg sagt
